17-11-70
| 17-11-70 Konsertalbum av Elton John |
||
| Utgjeve | 10. mai 1971 | |
| Innspelt | i A&R Recording Studios i New York den 17. november 1970 for ei direkte radiosending på WABC-FM (seinare WPLJ) | |
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 48:25 | |
| Selskap | UNI (US/Canada) DJM Records |
|
| Produsent | Gus Dudgeon | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Elton John-kronologi | ||
| Friends (1971) |
17-11-70 | Madman Across the Water (1971) |
17-11-70 (amerikansk tittel 11-17-70) er eit konsertalbum av Elton John, gjeven ut i 1971. Innspelinga vart gjort for ei direkte radiosending den 17. november 1970, som har gjeve namn til albumet. Den amerikanske tittelen vart endra til 11-17-70 som er det standard datoformatet i USA. Innspelinga var opphavleg populært på piratkopiplater i følgje Gus Dudgeon, noko som fekk plateselskapet til å gje ut innspelinga som eit album.[3]
Albumet selde ikkje så veldig godt, og det vart sagt at ei av piratkopiplatene tok ein del av dette salet, men det kan òg ha vore at marknaden var metta med Elton John-plater på denne tida. John hadde i løpet av kort tid gjeve ut to studioalbum (Elton John og Tumbleweed Connection) og eit filmmusikkalbum (Friends). Likevel vart albumet det fjerde av fire Elton John-album som låg inne på Topp 100 i USA samstundes, noko som var første gong nokon klarte etter The Beatles.
I følgje programleiaren Dave Herman, som ein kan høyre i byrjinga av albumet, kutta Elton John handa si under framføringa og mot slutten av showet var klaveret hans dekka av blod.
John og bandet hans framførte 13 songar under radiosendinga. Det opphavlege albumet hadde med seks songar. Ein sjuande song, «Amoreena», vart gjeven ut som eit bonusspor på 1996-utgåva av albumet. Dei andre seks songane er enno ikkje gjevne ut offisielt: «I Need You to Turn To», «Your Song», «Country Comfort», «Border Song», «Indian Sunset» og «My Father's Gun».
John har sagt i fleire intervju at han meiner denne innspeligna er den beste konserten hans. Det er òg eit døme på korleis konsertbandet til John høyrets ut før gitarist Davey Johnstone, kom med som fast medlem i bandet hans.
Innhaldsliste |
Innhald [endre]
Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 1. | «Take Me to the Pilot» | 6:43 | |||||||
| 2. | «Honky Tonk Women» | Mick Jagger, Keith Richards | 4:09 | ||||||
| 3. | «Sixty Years On» | 8:05 | |||||||
| 4. | «Can I Put You On» | 6:38 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd | ||||||
| 5. | «Bad Side of the Moon» | 4:30 | |||||||
| 6. | «Medley» («Burn Down the Mission», «My Baby Left Me» og «Get Back») | John, Taupin, Arthur Crudup, John Lennon, Paul McCartney | 18:20 | ||||||
1995/1996-utgåva [endre]
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Bad Side of the Moon» | 4:57 |
| 2. | «Amoreena» | 4:54 |
| 3. | «Take Me to the Pilot» | 5:55 |
| 4. | «Sixty Years On» | 7:22 |
| 5. | «Honky Tonk Women» | 4:07 |
| 6. | «Can I Put You On» | 6:10 |
| 7. | «Medley» | 18:27 |
Medverkande [endre]
- Elton John – piano, vokal
- Dee Murray – bass, korvokal
- Nigel Olsson – trommer, korvokal
Lister [endre]
Album
| År | Liste | Plassering |
|---|---|---|
| 1971 | Storbritannia | 20 |
| 1971 | Billboard US Pop Albums | 11 |
| 1971 | Canada | 10[4] |
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «17-11-70» frå Wikipedia på engelsk, den 26. oktober 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. 17-11-70 på Allmusic. Henta 26. okt. 2011.
- ↑ [1] Arkivert juni 28, 2011 på Wayback Machine.
- ↑ «Gus Dudgeon». Mixonline.com. 2002-10-01. http://mixonline.com/recording/interviews/audio_gus_dudgeon/. Henta 26. okt. 2011.
- ↑ Library and Archives Canada. http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?brws_s=1&file_num=nlc008388.5359&type=1&interval=24&PHPSESSID=8flu94hkg8nkt74latvtu6ttc6