Rock of the Westies

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rock of the Westies
Studioalbum av Elton John
Utgjeve 4. oktober 1975
Innspelt juni – juli 1975, Caribou Ranch, Nederland, Colorado
Sjanger Pop, rock
Lengd 43:39
Selskap DJM Records, Polydor
Produsent Gus Dudgeon
Kritikk
Elton John-kronologi
Captain Fantastic and the Brown Dirt Cowboy
(1975)
Rock of the Westies Here and There
(1976)

Rock of the Westies er det tiande studioalbumet til Elton John. Albumet vart gjeve ut i 1975 og vart produsert av Gus Dudgeon. Det er det sjuande albumet på rad som kom på fyrsteplass på albumlista Billboard 200 i USA. Albumet var mindre populært i heimlandet Storbritannia der det nådde femteplassen.

Rock of the Westies inneheld singelen «Island Girl» som òg gjekk til topps i USA. Albumet var det første på lang tid der trommeslagar Nigel Olsson og bassist Dee Murray ikkje spelte med John, etter at dei fekk sparken over telefon av John sjølv. Dette gav musikken på albumet ein litt hardare stil, som skuffa mange tilhengjarar. Den neste singelen frå albumet, «Grow Some Funk of Your Own» / «I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»), selde derfor noko dårlegare.

Songen «Hard Luck Story» hadde alt vorte spelt inn av Kiki Dee og gjeven ut som singel eit år tidlegare. Denne og «Don't Go Breaking My Heart» er tilskriven Ann Orson/Carte Blanche (An horse and cart, Blanche) eit aukenamn Elton John nytta når han skreiv både musikk og tekst på eiga hand. Ann Orson vart òg nytt som namn på ein korvokalist som ein trur er Elton John sjølv.

Labelle syng korvokal på opningssongen «Medley (Yell Help/Wednesday Night/Ugly)».

Sjølv om musikken på Rock of the Westies ikkje fekk så god kritikk då albumet kom ut, har det gjennom åra vorte sett i eit betre lys og vert i dag rekna som det siste «store» albumet frå denne tida av karrieren hans. I USA selde albumet til gullplate i 1975 og til platina i 1993.

Utanfor USA og Canada var dette det siste originale studioalbumet frå John på DJM Records, sidan han etter dette gav ut platene sine på sitt eige Rocket Records.

Songen «Street Kids» vart nytta i videospelet Grand Theft Auto IV frå 2008.

Sporliste[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Bernie Taupin og Elton John, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Medley (Yell Help/Wednesday Night/Ugly)»   6:13
2. «Dan Dare (Pilot of the Future)»   3:30
3. «Island Girl»   3:42
4. «Grow Some Funk of Your Own» (John, Davey Johnstone, Taupin) 4:43
5. «I Feel Like a Bullet (In the Gun of Robert Ford)»   5:28
Side to
# Tittel Lengd
6. «Street Kids»   6:23
7. «Hard Luck Story» (Ann Orson/Carte Blanche) 5:10
8. «Feed Me»   4:00
9. «Billy Bones and the White Bird»   4:24
Bonusspor på 1996-utgåva
# Tittel Lengd
10. «Planes»   4:31
11. «Sugar on the Floor» (Kiki Dee) 4:31
Bonusspor på 1995-utgåva
# Tittel Lengd
10. «Don't Go Breaking My Heart» (med Kiki Dee) (Ann Orson/Carte Blanche) 4:28

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]