20/20

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
20/20
Studioalbum av The Beach Boys
Utgjeve 10. februar 1969
Innspelt juni til november 1968
Bortsett frå «Our Prayer»: Akkompagnement spelt inn 4. oktober 1966, med ekstraspor november 1968; «Cabinessence»: spelt inn i oktober og desember 1966 bortsett frå vokalen til Carl Wilson vocal på versa som vart spelt inn i november 1968; og «Bluebirds over the Mountain»: September 1967 med ekstraspor i 1968.
Sjanger Barokk pop, rock
Lengd 29:46
Selskap Capitol
Produsent The Beach Boys
Kritikk
The Beach Boys-kronologi
Stack-O-Tracks
(1968)
20/20 Live in London
(1970)

20/20 er eit album av The Beach Boys frå 1969 og det siste albumet deira på Capitol Records dei neste sytten åra. Albumet var ei blanding av nylege singlar, nye studioinnspelingar og to songar frå det skrinlagde prosjektet Smile.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tittelen 20/20 kom frå at albumet var det tjuande albumet deira (om eintar med fire samleplater).

Brian Wilson hadde fått stadig større kjenslemessige problem og var avhengig av kokain, og starta å trekke seg tilbake frå innspelingane til bandet. Dette gjorde at andre i bandet måtte ta større kreativt ansvar. Det einaste «nye» bidraget til Wilson på albumet var den rolege valsen «I Went to Sleep». Songen «Do It Again» av Wilson og Mike Love hadde vore ein hit sommaren 1968 og vart teken med på albumet.

Dei yngre brørne til Wilson, Dennis Wilson og Carl Wilson starta å ta over kontrollen i studio. Carl produserte ei utgåva av Phil Spector sin «I Can Hear Music» som gav The Beach Boys den siste originale Topp 40-plasseringa deira i USA dei neste sju åra. Dennis hadde skrive to songar for det førre albumet, Friends, og skreiv fleire songar for 20/20.

Før innspelinga av albumet kom i gang vart Dennis ven med musikaren Charles Manson og valde å hjelpe han inn i musikkindustrien ved å spele inn songen hans «Cease to Exist» for the Beach Boys, med den nye tittelen «Never Learn Not to Love». Manson bad Wilson om å ikkje endre teksten, men at han elles kunne gjere kva han ville. Den grunnlegaggande melodien var stort sett uendra. Då «Never Learn Not to Love» vart gjeven ut av the Beach Boys som B-side seint i 1968 og berre tilskriven Dennis Wilso med endra tekst og eit nytt mellomspel, truga Manson Wilson med mord.

Bruce Johnston hadde i åresvis støtta dei andre i bandet på scenen og i studio og fekk no endeleg sin eigen song på 20/20, den svulstige instrumentalen «The Nearest Faraway Place». . Kanskje med tanke på «Sloop John B» foreslo Al Jardine for Brian at dei skulle gjere ein ny folkesong, «Cotton Fields». Wilson produserte innspelinga, men Jardine følte at Wilson haldt igjen og spelte etter kvart songen inn på ny seks månader etter Brian-utgåva kom ut på 20/20. Jardine viste seg å vere inne på noko, og den nye utgåva vart gjeven ut på singel. Han vart ein flopp i USA, men gjorde det stort i utlandet våren 1970.

To eldre songar av Brian Wilson, frå det skrinlagte Smile-prosjektet, «Cabinessence» og «Our Prayer».

Albumet kom ut i februar 1969 og selde betre enn Friends. Det nådde berre 68. plass i USA, men gjekk heilt til tredjeplass i Storbritannia.

20/20 finst i dag på CD i lag med Friends, samt bonusspor frå perioden.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
# Tittel Solovokal Lengd
1. «Do It Again» (Brian Wilson/Mike Love) Mike Love og Carl Wilson 2:25
2. «I Can Hear Music» (Jeff Barry/Ellie Greenwich/Phil Spector) Carl Wilson 2:36
3. «Bluebirds over the Mountain» (Ersel Hickey) Mike Love og Carl Wilson / Bruce Johnston 2:51
4. «Be with Me» (Dennis Wilson) Dennis Wilson 3:08
5. «All I Want to Do» (Dennis Wilson/Steve Kalinich) Mike Love 2:02
6. «The Nearest Faraway Place» (Bruce Johnston) instrumental 2:39
Side to
# Tittel Solovokal Lengd
7. «Cotton Fields (The Cotton Song)» (Huddie Ledbetter) Al Jardine 2:21
8. «I Went to Sleep» (Brian Wilson/Carl Wilson) Brian Wilson og Carl Wilson 1:36
9. «Time to Get Alone» (Brian Wilson) Carl Wilson og Brian Wilson / Al Jardine 2:40
10. «Never Learn Not to Love» (Dennis Wilson/Charles Manson (ikkje tilskriven))) Dennis Wilson 2:31
11. «Our Prayer» (Brian Wilson) gruppa 1:07
12. «Cabinessence» (Brian Wilson/Van Dyke Parks) Carl Wilson og Mike Love 3:34

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «20/20 (The Beach Boys album)» frå Wikipedia på engelsk, den 11. september 2009.
    • Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
    • Friends/20/20 CD-hefte, David Leaf, c.1990.
    • "The Nearest Faraway Place: Brian Wilson, The Beach Boys og the Southern California Experience", Timothy White, c. 1994.
    • "Wouldn't It Be Nice - My Own Story", Brian Wilson og Todd Gold, c. 1991.
    • "Top Pop Singles 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • "Top Pop albums 1955-2001", Joel Whitburn, c. 2002.
    • Allmusic.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]