A Groovy Kind of Love

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«A Groovy Kind of Love» er ein popsong skriven av Toni Wine og Carole Bayer Sager for musikkforlaget Screen Gems. Han er tungt basert på rondo-satsen i Sonatina i G-dur, op. 36 nr. 5[1] av Muzio Clementi. Songen vart først gjeven ut av Diane & Annita i 1965, men fleire versjonar har sidan gått inn på salslistene fleire stader i verda.

Tittelen på songen var ein av dei første gongane det då nye slang-ordet «groovy» var i bruk. Wine, som var 17 år gammal då ho skriev songen sa «Carole kom med 'Groovy kinda… groovy kinda… groovy…' og me sa berre alle 'Kinda groovy, kinda groovy, kinda…' og hugsar ikkje heilt kven som kom med 'Love', men det vart 'Groovy kind of love'. Så brukte me det. Me skreiv songen på minuttar. Det var fantastisk. Det berre strøymde ut av munnane våre, og ved pianoe gjekk det lett og raskt å skrive songen».[2]

The Mindbenders[endre | endre wikiteksten]

A Groovy Kind of Love
Singel av The Mindbenders
frå albumet A Groovy Kind of Love
B-side «Love Is Good»
Utgjeve 1965
Sjanger Pop
Lengd 1:59
Selskap Fontana
Låtskrivar(ar) Carole Bayer Sager, Toni Wine
The Mindbenders-kronologi
A Groovy Kind of Love = «Can't Live with You, Can't Live Without You»
(1966)

Jack McGraw, som dreiv London-kontora til Screen Gems, meinte at Wine/Bayer Sager-songen var perfekt for den nye gruppa The Mindbenders, som spelte inn ein versjon av «A Groovy Kind of Love» i 1965. Dei likte resultatet så godt at dei kalla det første albumet sitt A Groovy Kind of Love og gav songen til radioen som debutsingelen deira. Songen nådde andreplassen i Storbritannia og oppnådde det same i USA då han vart gjeve ut der eit år seinare.

Lister[endre | endre wikiteksten]

Land Plassering
Irland[3] 9
Storbritannia[4] 2
United States 2

Phil Collins[endre | endre wikiteksten]

A Groovy Kind of Love
Singel av Phil Collins
frå albumet Buster: The Original Motion Picture Soundtrack
B-side «Big Noise»
Utgjeve 27. august 1988
Innspelt 1988
Sjanger Poprock, softrock
Lengd 3:30
Låtskrivar(ar) Carole Bayer Sager, Toni Wine
Produsent Phil Collins, Anne Dudley
Phil Collins-kronologi
«In the Air Tonight» (Remix)
(1988)
A Groovy Kind of Love = «Two Hearts»
(1988)

Phil Collins spelte inn ein ny versjon av «A Groovy Kind of Love» i 1988. Han hadde opphavleg foreslått songen som eit godt val for samarbeidspartneren Stephen Bishop med Collins som produsent, men valte så å spele inn songen sjølv, då han spelte i filmen Buster, som var lagt til 1960-åra.[5] Songen vart opphavleg gjeve ut på Buster: The Original Motion Picture Soundtrack, og sidan på Serious Hits... Live!.

I motsetnad til the Mindbenders sin versjon, som var ein livleg, gitarbasert popsong, var Collins sin versjon ein langsam ballade med klaver og strykarar. Denne versjonen gjekk til topps både i USA og Storbritannia og er den einaste singelen til Collins som gjekk på tops i begge landa. Det var òg den siste singelen hans som gjekk til topps i Storbritannia.[6] Songen nådde òg toppen av Adult Contemporary-lista i USA. For songen vart Collins nominert til Grammy Award i 1989 for beste mannlege popvokal, men tapte for Bobby McFerrin sin «Don't Worry, Be Happy».

Lister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1988) Plassering
Australia ARIA Singles Chart[7] 2
Austerrike[7] 6
Canada 1
Nederland[8] 1
Finland (Suomen virallinen lista)[9] 4
Frankrike[7] 15
Tyskland 3
Irland[10] 1
Italia[11] 1
Noreg[7] 2
Sverige[7] 5
Sveits[7] 1
UK Singles Chart[4] 1
USA Billboard Hot 100 1
USA Billboard Adult Contemporary Singles 1

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Andre versjonar av songen er spelt inn:

Songen vart spelt på fiolinar i Friends-episoden «The One with the Wedding Part 2».[12]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. op.36 from Muzio Clementi - Public domain karakters in the IMSLP
  2. Songfacts Interviews:Toni Wine
  3. «irishcharts.ie search results for «A Groovy Kind of Love»». Arkivert frå originalen den 31. mars 2008. http://www.irishcharts.ie/. Henta 10. februar 2013. 
  4. 4,0 4,1 4,2 «everyhit.com search results for «A Groovy Kind of Love»». Arkivert frå originalen den 19. mars 2008. http://www.everyhit.com. Henta 10. februar 2013. 
  5. Allmusic: A Groovy Kind of Love (Phil Collins)
  6. Maury Dean (2003). Rock N' Roll Gold Rush. Algora. s. 60. ISBN 0-87586-207-1. 
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 7,4 7,5 «lescharts.com entry». http://lescharts.com/showitem.asp?interpret=Phil+Collins&titel=A+Groovy+Kind+Of+Love&cat=s. Henta 10. februar 2013. 
  8. «De Nederlandse Top 40, week 41, 1988». http://www.radio538.nl/web/show/id=44685/chartid=4876. Henta 10. februar 2013. 
  9. Nyman, Jake (2005) (på Finnish). Suomi soi 4: Suuri suomalainen listakirja (1st ed.). Helsinki: Tammi. ISBN 951-31-2503-3. 
  10. «irishcharts.ie search results for «A Groovey Kind of Love»». Arkivert frå originalen den 31. mars 2008. http://www.irishcharts.ie. Henta 10. februar 2013. 
  11. «A Groovy Kind of Love». Hit Parade Italia. http://www.hitparadeitalia.it/schede/g/groovy_kind_of_love.htm. Henta 10. februar 2013. 
  12. «IMDb: Soundtracks for «Friends», «The One with Monica and Chandler's Wedding: Part 2»». http://www.imdb.com/title/tt0583532/soundtrack. Henta 10. februar 2013.