Krikkand
| Krikkand | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Nordsamisk | Čiksa |
| Svensk | Kricka |
| Dansk | Krikand |
| Engelsk | Common teal, Eurasian Teal |
| Tysk | Krickente |
| Fransk | Sarcelle d'hiver |
| Spansk | Cerceta común |
| Russisk | Tsjirok-svistunok (Чирок-свистунок) |
Krikkand (Anas crecca) er ein fugl som høyrer til gruppa grasender i underfamilien ender.
Innhaldsliste |
Utbreiing og taksonomi [endre]
Krikkand finst i storparten av Europa, i den tempererte delen av Asia og i Nord-Amerika. Spørsmålet om amerikakrikkand (Anas (crecca) carolensia) er same art, er omdiskutert. Tidlegare var taksonet lista som ein art, og det har fått artsnamn på norsk.[1] I Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[2] er taksonet endra til underart og Anas andium, med utbreiing i nordlege Andes, er endra frå underart til art. Underartar av krikkand, etter Clementslista versjon 6.6:
- Anas crecca crecca, nominatforma i Eurasia
- Anas crecca nimia, Aleutane
- Anas crecca carolinensis, amerikakrikkand, hekkefugl i Nord-Amerika overvintrar i Karibia og Mexico.
Førekomst i Noreg [endre]
Truleg kan den norske hekkebestanden vere kring 30 000 – 50 000 par. Krikkanda trivst best i grunne næringsrike ferskvatn med rik kantvegetasjon, men hekkar ved dei fleste typar innsjøar og stilleflytande elvar. Arten er utbreidd over heile landet, men er vanlegast ved lågtliggande innsjøar i Sør-Noreg. Krikkanda er den av grasendene som hekkar høgast til fjells, på Hardangervidda finst ho på gunstige lokalitetar 1200-1300 m.o.h.
Utsjånad og læte [endre]
Krikkand er ei lita and med ei lengd på 34 - 38 cm og eit vengespenn på 53 - 59 cm, og dette gjer arten til den minste anda i Noreg. Vengespegelen er grøn på begge kjønn på oversida medan undersida er svart. Hannen har to ulike fjørdrakter gjennom året. Frå hausten fram til juni er hovud og hals raudbrune. Langs sidene på hovudet går eit mørkegrønt band. Fremste delen av ryggen saman med halsen og sidene er spraglete i svart og kvitt. Resten av ryggen saman med overgumpen er brungrå, undergumpen er kvit. Resten av sommaren liknar hannen hoa. Hoa er brunsvart med rustbrune fjørkantar på oversida, medan undersida er brungul med mørke flekkar.
Hannen har eit karakteristisk oppatteke vislande læte som kan høyrast om våren og som kan skrivast som kriikk.
Hekking [endre]
Hekkinga går føre seg i april-juni. Paret bygg reir ved tjern eller vassdrag, gjerne nær vasskanten, men somme gongar langt frå innsjøen som vert brukt til næringssøk. Reiret ligg godt gøymt under lyng, vier eller einer. Hoa legg 8-12 grønaktige egg. Rugetida tek 25 dagar, og i denne perioden dreg hannen frå hoa og reiret. Hoa passar ungane, som vert flygedyktige etter 60 døgn.
Føde [endre]
Kosten er sett saman av ulike plantedelar som fuglen beiter på når han dukkar framdelen ned slik at han når botnen med nebben. Anda et også insekt, blautdyr og mark.
Trekktilhøve [endre]
Norske krikkender overvintrar ved dei sørlege nordsjølanda, saman med krikkender frå Sverige, Finland, Baltikum og nordlege delar av Russland. Om våren kan ein somme stader sjå mykje krikkender som ventar på at vatna til fjells skal bli isfrie.
Namn [endre]
Det norske og latinske namnet etterliknar fuglen si læte.
Referansar [endre]
Noter [endre]
- ↑ http://birdlife.no/fuglekunnskap/navn/index.php?name=Anas+carolinensis&submit=S%C3%B8k
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
Kjelder [endre]
- Svensk Wikipedia.
- Norsk Fugleatlas, 1994.
- Artikkelen andfåglar i Nordisk familiebok 1904
- Krickente i tyskspråkleg Wikipedia 4 august 2005