Skeiand
| Skeiand | ||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Anseriformes | |
| Familie: | Anatidae | |
| Slekt: | Anas | |
| Art: | A. clypeata | |
| Vitskapleg namn | ||
| Anas clypeata | ||
| Skeiand | |
| Namn på andre språk | |
|---|---|
| Nordsamisk | Spoađđoduoršu |
| Svensk | Skedand |
| Dansk | Skeand |
| Engelsk | Northern Shoveler |
| Tysk | Löffelente |
| Fransk | Canard souchet |
| Spansk | Cuchara común, pato cucharo |
| Russisk | Sjirokonoska (Широконоска) |
Skeiand (Anas clypeata) er ein fugl i andefamilien. Ho er om lag 50 cm lang. Hofuglen er brunspraglete, medan hannen har krittkvitt bryst, mørkegrønt hovud og raudbrun buk. Begge fuglane verkar framtunge i vatnet og nebbet peikar ofte nedover.
Utbreiing [endre]
I Sør-Noreg er det få eksemplar av desse fuglane, og dei opptrer sporadisk i Nord-Noreg. Talet på observasjonar aukar. Skeiendene hekkar få om gongen ved grunne innsjøar med rik vegetasjon rundt Oslofjorden og frå Møre til Helgeland. Skeiendene er trekkfuglar som kjem i april og reiser att i september-oktober. Dei overvintrar i Vest-Europa og Nord-Afrika.
Arten er lista på norsk raudliste 2006, i kategorien sårbar (same kategori som oter, snøugla og gaupa).
Reiret [endre]
Reiret vert gøymt i vegetasjonen nær vatn og er bygt av gras og dun. Skeianda legg 8-10 gulkvite egg i april-juni. Hoa rugar i 23-25 dagar og ungane er flygedyktige etter 40-45 dagar. Skeianda et små krepsdyr og blautdyr.
Kjelder [endre]
- ↑ Rødlistedatabasen (vitja 15. oktober 2011)