Arturo Toscanini

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrettfoto av Arturo Toscanini.
1908.

Arturo Toscanini (fødd 25. mars 1867 i Parma, Emilia-Romagna, død 16. januar 1957 Bronx i New York) var ein vidgjeten italiensk dirigent som vart borgar av USA i 1939. Toscanini dirigerte i fleire periodar La Scala i Milano, Metropolitan Opera i New York og New York Philharmonic Orchestra. Mot slutten av livet vart han tilsett som fyrste musikalske leiar for NBC Symphony Orchestra, ei stilling han hadde samanhengjande frå 1937-1954. Toscanini var kjend for eit fotografisk minne, høgt utvikla høyrsle for detaljar i orkestra, stor presisjon, perfeksjon og intensitet. Han dirigerte særleg verk av Rossini, Verdi, Arrigo Boito, Puccini og tillegg verk av Beethoven, Brahms, Wagner, Richard Strauss og Debussy.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Debut[endre | endre wikiteksten]

Opphavleg var Toscanini cellist, og han vann tidleg eit studiestipend til eit lokalt musikkonservatorium. Der blei han medlem i eit operaorkester som reiste på turné i Sør-Amerika i 1886. Då dei skulle framføra Verdis Aïda i Rio de Janeiro hadde korsongarane blitt så leie av den lokalt innleigde dirigentens slappe grep om orkesteret at dei streika og nekta å syngja før det hadde blitt skaffa ein vikardirigent. To dirigentar forsøkte så å fullføra arbeidet med operaen i tide, men utan å lukkast. I desperasjon føreslo songarane den unge cellisten Toscanini som dirigent, sidan han kunne heile operaen utanåt. Toscanini hadde inga erfaring med direksjon, men vart til slutt overtydd av songarane til å gripa fatt i taktstaven klokka kvart over ni om kvelden. Han dirigerte dermed den to og ein halv times lange operaen, berre hjelpt av minnet. Publikum vart overraska, fyrst av kor ung denne ukjende dirigenten var, deretter av kor godt han meistra jobben, og gav stormande applaus. Resten av sesongen vart Toscanini sett til å dirigera atten operaer, alle med stor suksess. Slik byrja dirigentkarrieren til Arturo Toscanini, berre 19 år gamal.

Arturo Toscanini.
Stad og dato ukjend.

Tilbake i Italia heldt Toscanini fram som cellist ei stund til, men gradvis overtok dirigentkarrieren for cellistkarrieren. Han spela cello i verdspremieren av Otello av Giuseppe VerdiLa Scala i Milano i 1887. Komponisten vart imponert då Arrigo Boito skrytte over den unge cellistens evne til å tolka Verdis musikk. Toscanini skal ved eit anna høve ha spurt komponisten personleg til råds då han skulle dirigera Verdis Te Deum. Toscanini spurde om han fekk lov til å dirigera ein allargando ein stad der det ikkje stod notert, og Verdi svara at han hadde utelate allargandoen i nota av frykt for at «einskilde tolkarar ville ha overdrive markeringa.» I 1897 gifte Toscanini seg med Carla de Martini. Dei to fekk tre born saman og forblei gift livet ut.

Internasjonalt ry[endre | endre wikiteksten]

Mot slutten av 1800-talet vart Toscanini sett til å dirigera verdspremieren av både La Bohème av Giacomo Puccini og Pagliacci av Leoncavallo. I 1896 var Toscanini i Torino for å dirigera sin fyrste symfonikonsert, med verk av Schubert, Brahms, Tsjajkovskij og Wagner. Berre i året 1898 heldt han 43 konsertar i Torino. Same året vart han utnemnt til sjefdirigent ved La Scala, ei stilling han beheldt fram til 1908, og heldt fram med i 1920-åra. Frå 1908-1915 dirigerte han Metropolitan Opera i New York by. I mai 1915 hadde Toscanini tinga billett til å reisa til Europa om bord på skipet RMS Lusitania så snart sesongen hans ved Metropolitan Opera var over. Toscanini bestemte seg for å slutta konsertsesongen tidlegare enn planlagt, og reiste dermed med eit anna skip enn Lusitania, som vart senka av ein tysk torpedo i mai 1915. Frå 1926 - 1936 dirigerte han New York Philharmonic Orchestra samtidig som han reiste hyppig på turnéar og var ein ofte brukt gjestedirigent ved mange konsertsalar over heile verda. Mellom anna dirigerte han under Festspela i Bayreuth 1930-31 og under Festspela i Salzburg 1934-37.

«Mi livsførsle har vore, er, og vil alltid vera
gjenklangen av mitt samvit.»

Arturo Toscanini.

Tilhøve til fascismen[endre | endre wikiteksten]

I 1919 stilte Toscanini som parlamentskandidat for fascistpartiet, men vendte seg seinare frå fascismen og trassa Benito Mussolini fleire gonger etter at denne kom til makta i 1922. Trasset kom særleg til uttrykk ved at Toscanini nekta å visa biletet av Mussolini eller å dirigera fascistane sin kampsong, «Giovinezza» på La Scala. Til ein ven skal han ha sagt i raseri: «Dersom eg var i stand til å drepa ein mann, ville eg ha drepe Mussolini!»

Under ein minnekonsert for komponisten Giuseppe Martucci i Bologna i 1931 fekk Toscanini ordre om å opna med «Giovinezza», men Toscanini nekta å setja orkesteret til å spela, sjølv om utanriksminister Galeazzo Ciano var til stades i publikum. Etterpå vart Toscanini slått og skada av ei gruppe svartskjorter. Mussolini straffa Toscaninis oppførsel ved å inndra passet hans, setja han under konstant overvåkning og avlytta telefonen hans. Passet vart omsider tilbakelevert etter store protestar mot behandlinga av dirigenten. Toscanini forlét det fascistiske Italiaandre verdskrigen braut ut, og vart amerikansk statsborgar i 1939.

Karriere i USA[endre | endre wikiteksten]

NBC Symphony Orchestra hadde blitt skipa særskilt for Toscanini i 1937, og han vart verande som musikalsk leiar av orkesteret heilt fram til 1954. I USA vart han ofte kritisert for å neglisjera amerikansk musikk, men han gjorde også strålande framføringar av verk av Samuel Barber, George Gershwin, Ferde Grofé og John Philip Sousa, og han laga si eiga orkestrering av «The Star-Spangled Banner».

I 1954 skulle Toscanini dirigera ein rein Wagner-konsert i Carnegie Hall, men under konserten fekk han eit momentant minnetap, truleg forårsaka av stans av blodtilførsla til hjernen. Dette vart siste gongen Toscanini dirigerte live offentleg nokonsinne, og han pensjonerte seg 87 år gamal. Musikarar frå NBC Symphony Orchestra heldt fram med ny dirigent under namnet Symphony of the Air fram til 1963, då det blei oppløyst. Etter 1954 dirigerte Toscanini sju kjende operaer på radio av komponistar som Verdi, Puccini og Beethoven. Desse siste radioinnspelingane vart tekne opp og spela inn på cd for ettertida.

Død og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Den 16. januar 1957 døydde Arturo Toscanini heime i Bronx i New York by. Kroppen hans vart sendt tilbake til Italia, der han vart gravlagt i Milano. På minnesteinen om han står ei innskrift frå den ufullendte operaen Turandot av Puccini: «Her sluttar operaen, for på dette punktet døydde maestroen.» Ein arie frå Verdis Requiem vart sunge i gravferda hans.

I 1987 vart Arturo Toscanini posthumt tildelt Grammy Lifetime Achievement Award for sitt livsverk som dirigent.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]