Autosegmental fonologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Autosegmental fonologi er ein variant av fonologisk teori som skil seg frå tidlegare, segmental fonologi, ved at der segmental fonologi analyserer ytringar som ein rad einingar som kjem etter kvarandre i tid, opererer autosegmental fonologi med ein analyse som deler ytringa i ulike sjikt, eller lag.

Autosegmental fonologi blir også ofte kalla suprasegmental fonologi, desse to omgrepa refererer til same teori.

Suprasegmentale fonologiske fenomen[endre | endre wikiteksten]

Autosegmentale analyser er samansett av eit segmentalt sjikt, beståande av ein streng av segment, nemleg konsonantar og vokalar i ytringa. Mange fonologiske fenomen går over fleire segment, det å kunne analysere dei separat i eigne sjikt gjev ein betre fonologisk teori, hevdar tilhengarane av autosegmental fonologi. Typiske suprasegmentale fenomen er vokalharmoni, lengde og tone.

Historikk[endre | endre wikiteksten]

Utover 1970-talet dukka interessa for supresegmentale fenomen opp i generativ fonologi, fenomen som tidlegare hadde vore drøfte av mellom anna den britiske lingvisten John Rupert Firth og dei amerikanske lingvistane Zellig S. Harris og Charles F. Hockett. Den nye generative suprasegmentale eller prosodiske teorien fekk namnet autosegmental fonologi. Teorien blei fyrst introdusert i fullt utvikla form i doktoravhandlinga (frå MIT) til den amerikanske lingvisten John A. Goldsmith fra 1976, Autosegmental phonology (Goldsmith 1976 i bibliografien) men den amerikanske lingvisten William Leben – også han på den tida PhD-student ved MIT – hadde kort tid i førevegen kome med nærskylde idear. Goldsmith introduserte fleire fonologiske sjikt (engelsk tiers), eit segmentalt sjikt og andre sjikt med same innhald som prosodiane til den britiske lingvisten John Rupert Firth og dei lange komponentane til den amerikanske lingvisten Zellig S. Harris. Goldsmith utarbeidde prinsipp for korleis einingar på to sjikt blir assosierte med kvarandre. At einingar på to sjikt er assosierte med kvarandre, tyder at dei er samtidige.

Også den svenske språkforskaren Gustav Hasselbrink hadde allereie i 1967 kome med ei autosegmental analyse av omlyd i sørsamisk, inspirert av eit forskaropphald ved Indiana University, men denne analysen vart ikkje teke omsyn til av det fonologiske miljøet, som altså kom fram til same analyse ti år seinare.

Den fyrste publiserte autosegmentale analysen etter Goldsmith (1976) var Endresen (1977), ein autosegmental analyse av tonologien i austnorsk.[1]

Døme på autosegmental analyse[endre | endre wikiteksten]

Tonar i mende[endre | endre wikiteksten]

Tonespråket mende er eit mandespråk som blir tala av om lag 1,5 millionar menneske i Sierra Leone og kring 20 000 i Liberia. Goldsmith (1976: 35) presenterer ein autosegmental analyse av tonologien i dette språket. Goldsmith fortel at på korte vokalar i mende finst desse tonane:

  • Høg
  • Låg
  • Stigande
  • Fallande
  • Stigande–fallande

Morfem i mende er frå éi til tre stavingar lange, og dersom distribusjonen av tonar på desse stavingane hadde vore vilkårleg, burde vi vente å finne fem tonemønster ved einstavingsord, 52 eller 25 tonemønster ved tostavingsord og 53 eller 125 tonemønster ved trestavingsord, til saman 155 tonemønster. Men faktisk finst det berre 5 tonemønster for einstavingsord, 5 tonemønster for tostavingsord og 5 tonemønster for trestavingsord. Dette kan forklårast ved å postulere 5 "melodiar" for mende, som kan realiserast på ein-, to- og trestavingsord. "Melodiar" er sekvensar av éin eller fleire tonar av typar som H (høg) og L (låg):

  • H
  • L
  • HL
  • LH
  • LHL

Goldsmith gjev døma i tabellen under på korleis desse melodiane blir realiserte. Merk at H er merkt med akutt aksent (´) og L med gravis aksent (`). Difor representerer sirkumfleks ˆ HL (fallande tone), medan háček (ˇ) representerer LH (stigande tone) og ˆ´ representerer LHL (stigande-fallande tone).

Melodi Einstavingsord Tostavingsord Trestavingsord
H kọ́ pẹ́lẹ́
L kpà bẹ̀lẹ̀
HL mbû kényà
LH mbǎ nàvó
LHL mbâ´ nyàhâ nìkílì

Tonesegmenta H og L i melodiane blir "assosierte" med stavingane, og på ulikt vis i éin-, to- og trestavingsord. Dersom melodien er ein einsleg H eller L, må denne H-en eller L-en assosierast med alle stavingane, slik:

kọ́ pẹ́ lẹ́ kpà bẹ̀ lẹ̀
H H L L

Dersom melodien inneheld to tonar, som i HL og LH, må begge tonane assosierast med same stavinga i einstavingsord, medan dei "får" kvar si staving i tostavingsord:

mbû nyà mbǎ
H L H L L H L H

Dersom melodien inneheld dei tre tonane LHL, må desse tre assosierast med éi og same staving i einstavingsord. I tostavingsord blir fyrste stavinga assosiert med den fyrste tonen og den andre stavinga blir assosiert med dei to andre tonane. I trestavingsord blir stavingane assosierte med éin tone kvar:

mbǎ´ nyà
H L H H L H H L H

For å oppnå det rette resultatet, må vi tenkje oss at assosiasjonen mellom stavingar – eller meir allment, TBU-ar, toneberande einingar – og tonar skjer etter desse prinsippa, som Goldsmith kallar "Wellformedness Condition":

  • 1 Alle TBU-ar må vere assosierte med minst éin tone.
  • 2 Alle tonar må vere assosierte med minst éi TBU.

Vidare må vi føresetje dette prinsippet, som truleg er universelt:

  • Assosiasjonen skjer frå venstre mot høgre.

Det er dette prinsipper som gjer at det skjer ei toneopphoping på siste stavinga i nyàhâ. Hadde assosiasjonen skjedd frå høgre mot venstre, ville det ha blitt opphoping på fyrste stavinga: *nyǎhà.

Eigentleg nyttar Goldsmith liner – såkalla assosiasjonsliner – for å uttrykkje ein assosiasjon. Figuren nedanfor til venstre kan (i mangel av noko betre) nyttast til å forklåre kva det går ut på:

Dei gule boksane representerer toneberande einingar, dei rosa boksane representerer tonar. Linene mellom gule og rosa boksar representerer mogelege og umogelege assosiasjonsliner. Den grøne boksen kan eventuelt oppfattast som eit nivå som knyter i hop alle dei toneberande einingane, til dømes til eit einskilt ord.

Lat oss tenkje oss at dei gule boksane er toneberande einingar eller TBU-ar (stavingar eller moraer) og at dei rosa boksane er tonar. Den grøne boksen er irrelevant, eller kan oppfattast som at alle dei toneberande einingane (dei gule boksane) er delar av til dømes eitt ord, representert nettopp ved den grøne boksen.

Linene mellom rosa boksar (tonar) og gule boksar (toneberande einingar) representerer mogelege og umogelege assosiasjonsliner mellom tonar og TBU-ar. Goldsmith (1976) hadde med ein tredje lekk i "Wellformedness Condition", som berre gjev meining når assosiasjonane er framstilte som liner:

  • 3 Assosiasjonsliner kan ikkje krysse kvarandre.

Assosiasjonen skjer slik:

  1. steg: Trekk ei line mellom tone 1 og TBU 1
  2. steg: Trekk ei line mellom tone 2 og TBU 2
  3. steg: Trekk ei line mellom tone 3 og TBU 3
  4. steg: Trekk ei line mellom tone 3 og TBU 4

Etter 3. steg er alle tonar assosierte med ein TBU, men TBU 4 er ikkje assosiert med nokon tone. Det rettar vi på i 4. steg. TBU 4 kan berre assosierast med tone 3. Assosiasjonslina mellom tone 3 og TBU 3 hindrar TBU 4 frå å bli assosiert med tonar føre tone 3.

Vokalharmoni i tyrkisk[endre | endre wikiteksten]

Tyrkisk høyrer til språkfamilien tyrkiske språk. I den fyrste stavinga i ordet finn vi desse vokalane:

–BAKRE +BAKRE
–RUNDA +RUNDA –RUNDA +RUNDA
+HØG i [ i ] ü [ y ] ı [ ɯ ] u [ u ]
–HØG e [ ɛ ] ö [ œ ] a [ ɑ ] o [ ɔ ]

I andre stavingar finn vi desse vokalane (med nokre få unnatak som vi skal sjå bort frå her):

–BAKRE +BAKRE
–RUNDA +RUNDA –RUNDA +RUNDA
+HØG i [ i ] ü [ y ] ı [ ɯ ] u [ u ]
–HØG e [ ɛ ] a [ ɑ ]

Med andre ord finst vokalar som er [–HØG, +RUNDA] berre i fyrste staving. Men settet i fyrste staving kan ikkje kombinerast fritt med settet i andre stavingar. Det finst fleire restriksjonar, som kan formulerast slik (heretter skriv vi vokalane berre ortografisk):

Dersom vokalen i ei viss
staving er ein av desse:
– så finn vi desse vokalane
i stavinga rett etter:
i e i e
ü ö ü e
ı a ı a
u o u a

Dette har som følgje at dersom eit suffiks har ein vokal som er [+HØG], så vil denne vokalen veksle mellom i, ü, ı og u, avhengig av siste vokalen i stamma. Difor blir det òg slik at dersom eit suffiks har ein vokal som er [–HØG], så vil denne vokalen veksle mellom e og a. Faktisk har tyrkisk eit akkusativ-suffiks med variantane -i, , og -u og eit dativ-suffiks med variantane -e og -a, som vist nedanfor med eintalsformer av åtte tyrkiske substantiv. Vi har òg teke med genitiv, lokativ og ablativ, for å vise at alle kasusa oppviser liknande vekslingar (bortsett frå absolutiv, som ikkje har noko suffiks). Vi har sett ein bindestrek mellom stamme og suffiks; denne bindestreken er ikkje med i vanleg ortografi.

'tunge' 'dag' 'jente' 'tenar' 'hand' 'landsby' 'stode' 'ende'
ABSOLUTIV dil gün kız kul el köy hal son
AKKUSATIV dil-i gün-ü kız-ı kul-u el-i köy-ü hal-ı son-u
GENITIV dil-in gün-ün kız-ın kul-un el-in köy-ün hal-ın son-un
DATIV dil-e gün-e kız-a kul-a el-e köy-e hal-a son-a
LOKATIV dil-de gün-de kız-da kul-da el-de köy-de hal-da son-da
ABLATIV dil-den gün-den kız-dan kul-dan el-den köy-den hal-dan son-dan

Tabellen under viser dei tilsvarande fleirtalsformene, som har eit suffiks med variantane -ler og -lar. Etter fleirtalssuffikset har akkusativ og genitiv berre to suffiksvariantar kvar, i samsvar med generaliseringane ovanfor:

'tunger' 'dagar' 'jenter' 'tenarar' 'hender' 'landsbyar' 'stoder' 'endar'
ABSOLUTIV dil-ler gün-ler kız-lar kul-lar el-ler köy-ler hal-lar son-lar
AKKUSATIV dil-ler-i gün-ler-i kız-lar-ı kul-lar-ı el-ler-i köy-ler-i hal-lar-ı son-lar-ı
GENITIV dil-ler-in gün-ler-in kız-lar-ın kul-lar-ın el-ler-in köy-ler-in hal-lar-ın son-lar-ın
DATIV dil-ler-e gün-ler-e kız-lar-a kul-lar-a el-ler-e köy-ler-e hal-lar-a son-lar-a
LOKATIV dil-ler-de gün-ler-de kız-lar-da kul-lar-da el-ler-de köy-ler-de hal-lar-da son-lar-da
ABLATIV dil-ler-den gün-ler-den kız-ar-dan kul-lar-dan el-ler-den köy-ler-den hal-lar-dan son-lar-dan

Når vi skal skildre desse vokalvekslingane med autosegmental fonologi, postulerer vi tre sjikt:

  1. sjikt: det segmentale sjiktet
  2. sjikt: [+RUNDA]-sjiktet
  3. sjikt: [+BAKRE]-sjiktet

I det segmentale sjiktet postulerer vi dette enkle tovokalsystemet, der trekka [RUNDA] og [BAKRE] er uspesifiserte, sidan desse trekka høyrer heime i eigne sjikt:

+HØG I
–HØG E

I ein autosegmental representasjon kan då absolutiv singularis-formene av dei åtte tyrkiske substantiva ovanfor representerast som i tabellen under, der det segmentale sjiktet er gult, medan [+RUNDA]-sjiktet og [+BAKRE]-sjiktet er høvesvis raudt og blått. Dei vanlege ortografiske formene er tekne med over, for samanlikningas skyld. R og B står for høvesvis [+RUNDA] og [+BAKRE].

dil gün kız kul el köy hal son
R R R R
dIl gIn kIz kIl El kEy hEl sEn
B B B B

For at dette "reknestykket" skal gå opp, må ein tenkje seg det følgjande:

  • Når I og E ikkje har andre trekk enn høvesvis [+HØG] og [–HØG], blir dei uttala i og e, som i dil og el.
  • Når I og E får R i tillegg, blir dei til ü og ö, som i gün og köy.
  • Når I og E får B i tillegg, blir dei til ı og a, som i kız og hal.
  • Når I og E får både B og R i tillegg, blir dei til u og o, som i kul og son.

Ein må med andre ord tenkje seg at vokalane får normalverdiar (default'-verdiar) når R og B ikkje blir lagde til. Normalverdiane er [–RUNDA] og [–BAKRE].

For pluralis-suffikset og kasus-suffiksa må vi postulere desse grunnformene:

pluralis akkusativ genitiv dativ lokativ ablativ
-lEr -I -In -E -dE -den

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Endresen, Rolf Theil 1977. An Alternative Theory of Stress and Tonemes in Eastern Norwegian. Norwegian Journal of Linguistics. Norsk Tidsskrift for Sprogvidenskap, 31: 21–46.
  • Goldsmith, John A. 1976. Autosegmental phonology. (IU Linguistics Club / Indiana University Linguistics Club.) Bloomington, Ind.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Som ein faghistorisk kuriositet kan det nemnast at John A. Goldsmith var på ferie i Noreg sommaren 1976, rett etter at han hadde teke doktorgraden ved MIT, og budde privat hos lingvisten Rolf Theil Endresen i Nittedal, slik at teorien kom til Noreg før dei fleste andre stader.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]