Ben Adams

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ben Adams

Fødd22. november 1981 (42 år)
FødestadAscot
OpphavStorbritannia
Sjangerpop
Verka somsongar-låtskrivar
Gift medSara Skjoldnes

Benjamin Stevens Adams, kjent som Ben Adams (fødd 22. november 1981) er ein britisk musikar. Han er kjend frå det britisk-norske boybandet A1 saman med Christian Ingebrigtsen og Mark Read.

Personleg bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Benjamin Anthony Edward Stephens var fødd i Bracknell i Berkshire i Storbritannia, som son av Anita (fødd Olpherts-Forrester) og Anthony W. Stephens. Foreldra hans vart seinare skilde, og då Ben var 8 år, i januar 1990, gifta mora hans seg med forretningsmannen Jeremy Adams. Sonen tok deretter namnet Benjamin Stephens Adams.

Ben voks opp i Middlesex. Han høyrde på artistar som Madness, James Taylor, Michael Jackson og Tracy Chapman, men fann etterkvart ut at ved å syngja solo på skuleførestillingar og spela piano, obo og fiolin i musikkundervisninga, og deretter kombinera alt dette med ein ny lidenskap for musikarar som Prince, Queen og Stevie Wonder, kunne han sleppa inn i verda av musikk.

Han er kjærast med norske Sara Skjoldnes som blei Frøken Norge i 2009.[1]

Karriere[endre | endre wikiteksten]

A1 1998-2002[endre | endre wikiteksten]

I 1997 vart Ben med i bandet A1 og mellom 1999 og 2002 gav dei ut tre album. Ei rekkje songar vart nummer éin og Topp 10-hits over heile verda. Bortsett frå to av dei hadde alle hittane Ben Adams som forfattar eller medforfattar. «Caught In The Middle» vart ein av A1 sin mest selde singlar.

Etter A1[endre | endre wikiteksten]

Då A1 kom til ein naturleg slutt, vart Ben bombardert med mange arbeidstilbod. Ben sa likevel nei til alle. Han spelte inn eit album, It's Brutal Out There.

I tillegg til å skriva for seg sjølv, oppretta Ben Parkbench Studios og vende merksemda si mot å skriva og produsera for og med andre artistar både i Storbritannia og USA.

A1 2009 - i dag[endre | endre wikiteksten]

A1 blei samla att i august 2009 og er for tida signert til Universal Music Noreg på ein verdsomspennande avtale. Det siste albumet deira, "Waiting for Daylight", kom ut i 2010.

Big Brother[endre | endre wikiteksten]

I 2009 kom Adams på 5. plass i den britiske versjonen av Big Brother.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Melodi Grand Prix 2010[endre | endre wikiteksten]

Ben Adams under Melodi Grand Prix 2010.

Saman med Mark Read, Christian Ingebrigtsen og David Eriksen skrev Ben Adams songen «Don't Wanna Lose You Again» som A1 framførte i Melodi Grand Prix 2010, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2010 i Bærum i Noreg. Bidraget, som vart framført på engelsk, starta i den tredje semifinalen der dei vann og gjekk vidare til finalen. I finalen gjekk bidraget vidare til superfinalen, men enda på andreplass og fekk ikkje representere Noreg. I finalen framførte Ben Adams den siste lina i songen på norsk.

Melodi Grand Prix 2013[endre | endre wikiteksten]

I Melodi Grand Prix 2013, den norske uttakinga til Eurovision Song Contest 2013 i Malmö i Sverige, deltok Ben Adams med to bidrag; «Sleepwalking», skriven saman med Carina Dahl og Søren Pagh, og framført på engelsk av Carina Dahl, og «Give A Little Something Back», skriven saman med Sara Skjoldnes og Julie Bergan, og framført på engelsk av Julie Bergan. Båe bidraget starta i den fyrste semifinalen, men gjekk ikkje vidare til finalen. Kva for plassering bidraga fekk er ikkje kjend, men dei fekk ikkje representere Noreg.

Skal vi danse[endre | endre wikiteksten]

Hausten 2012 skal han delta i Skal vi danseTV 2.[2]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

A1
EP
  • 2005: Sorry

Kjelder[endre | endre wikiteksten]