Lene Alexandra Øien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lene Alexandra Øien
Verkeleg namn Lene Alexandra Øien
Alias Lene Alexandra
Fødd 1981-10-2929. oktober 1981, Trøgstad, Noreg
Instrument Vokal
Sjanger Pop
Aktive år 2004 - i dag
Yrke Songar
Tidlegare modell
Plateselskap C+C Records (2007-2009)
Sony Music

Lene Alexandra Øien (fødd 29. oktober 1981 i Trøgstad) er ein norsk songar, låtskrivar og tidlegare modell. Ho vann Skal vi danse[1][2], og ho deltok i realityprogrammet RobinsonekspedisjonenTV3 i 2004.[3] Øien deltok òg i Idol 2003 og gjekk til finalerundane.[4]

Kjendiskarriere[endre | endre wikiteksten]

Øien er oppvaksen i Trøgstad. Då ho var 19 år lét ho seg bli fotografert som nakenmodell for blada Lek, Cocktail og Cats. Dei første stega hennar til kjendisstatus var då ho deltok i realityprogrammet Robinson-ekspedisjonen på TV3 i 2004.

Ho og den tidlegare pornoskodespelaren og modellen Aylar Lie deltok i eit PR-stunt der Lie påstod å ha hatt sex med den britiske songaren Robbie Williams medan Øien skal ha sett på. Det vart seinare avslørt at dette var oppspinn, men PR-stuntet fekk likevel mykje merksemd, og Lie og Øien hamna på framsida av den britiske avisa The Sun.

Øien vann danseshowet Skal vi danse hausten 2008. Programmet hadde rekordmange sjåarar, fleire enn nokon annan sesong av Skal vi danse.

I 2008 deltok Øien i ein svensk reklamefilm for nummeropplysningstenesta Aspiro, og fekk mykje kritikk i Sverige av mange som meinte at filmen var kjønnsdiskriminerande.

Øien spelar i nokre scener i filmen Tomme Tønner i ei rolle som politibetjent. Filmen hadde premiere den 8. januar 2010, same kveld som ho framførte «Prima Donna» i Melodi Grand Prix 2010.

1. april 2011 deltok ho i NRK-programmet Popstokk saman med Jonas Rønning, Stella Mwangi og Per Sundnes. Der måtte ho og Jonas Rønning som var på lag, blant anna synge den norske songen «Kursiv» på finsk.[5]

Ho er no utdanna som personleg trenar og jobbar for SATS på Storo, ho skal gje ut eit nytt album hausten 2011.

Idol 2003[endre | endre wikiteksten]

Øien deltok i Idol 2003, der ho gjekk til finalerundane i den fyrste sesongen i serien.

Musikken[endre | endre wikiteksten]

I desember 2006 var ho med på ein låt med industrimetallbandet Staal og bandmedlemmer frå Rammsund i samband med innsamlingsaksjonen Prosjekt 101. Låten heitte «11 dagar» og vart omtala av Dagbladet som «...ein av dei sterkaste songane til prosjektet». Våren 2007 kom ho ut med hiten «My Boobs are OK». Songen handlar om at ein skal vere stolt av seg sjølv uansett kva slags puppar ein har. Songen fokuserer mykje på at ho framstår som ein dum person, då ho til dømes stavar «boobs» med «Boo-B-S».

Melodi Grand Prix 2008[endre | endre wikiteksten]

I 2008 deltok ho i Melodi Grand Prix med songen «Sillycone Valley»

Melodi Grand Prix 2010[endre | endre wikiteksten]

Ho deltok i Melodi Grand Prix 2010 med songen «Prima Donna».

Filmografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2004: Asfaltevangeliet (TV-shopdame)
  • 2005: Izzat
  • 2010: Tomme Tønner (politikvinnen Michelle)

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Album
  • 2008: Welcome To Sillycone Valley
  • 2010: Prima Donna
Singlar
  • 2007: My Boobs are OK
  • 2007: Hot Boy Hot Girl
  • 2008: Sillycone Valley
  • 2008: Sexy, Naughty, Bitchy Me

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]