Katrine Moholt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Katrine Moholt
Verkeleg namn Katrine Moholt
Fødd 1973-09-2121. september 1973, Nannestad i Noreg
Yrke Programleiar
Songar
Plateselskap Universal Music Group

Katrine Moholt (fødd 21. september 1973 i Nannestad) er ein norsk programleiar og songar.

Moholt har skuespillerutdannelse frå Romerike Folkehøgskole og Teaterakademiet. Moholt starta sin fjernsynskarriere i TVRomerike der ho jobba som nyhetsoppleser og programleiar frå 1997. I 2001 vart ho kapra av TV 2 der ho starta med programmet Gjett hva jeg gjør. Ho har òg vore programleiar i gameshowet Tre gode naboer og virkelighetsdramaet Nr. 19, men ho er mest kjend for sin programleiarrolle i det populære fjernsynsprogrammet Jakten på kjærligheten. Våren 2006 vann ho dansetevlinga Skal vi danse på TV 2. Utover dette har medverka som skodespelar fór blant anna humortrioen i KLM. Moholt vann publikumsprisen under Gullruten 2006 og Medierosen hausten 2006.

I 2007, 2008 og 2009 var Moholt programleiar saman med Tommy Steine i fjernsynsprogrammet Allsang på grensen på TV 2 og i 2010 og 2011 hadde ho med seg ulike gjesteprogramleiarar.

I 2008 kom debutalbuma hennar Sweethearts, som vart utgjeve gjennom Slagerfabrikken hos Universal Music Group.

Katrine Moholt er gift og har to born.