Berthe Morisot

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Berthe Morisot

Berthe Morisot med fiolbukett (1872), portrett av Édouard Manet.
Statsborgarskap Frankrike
Fødd 14. januar 1841
Bourges
Død

2. mars 1895 (54 år)
Paris

Yrke kunstmålar, teiknar, gravør, litograf
Sjanger portrettmåleri, landskapsmåleri
Far Edmé Tiburce Morisot
Mor Marie Joséphine Cornélie Thomas
Ektefelle Eugène Manet
Born Julie Manet
Signatur
Berthe Morisot på Commons

Berthe Morisot (14. januar 18412. mars 1895) var ein fransk kunstmålar og med i den parisiske kunstnarkrinsen kjend som impresjonistane. Ho og Mary Cassatt er ofte rekna som dei viktigaste kvinnelege kunstnarane på 1800-talet.[1]

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Fotografi av Berthe Morisot.

Morisot var fødd i Bourges i departementet Cher, i ein vellykka borgarleg familie. Ho var grandniese av rokokkomålaren Jean-Honoré Fragonard, som hadde stor innverknad på seinare generasjonar av kunstnarar. Både Berthe og syster Edma ønska å bli målarar.

Tjue år gammal var Morisot blitt ven med landskaps- og figurmålaren Camille Corot, ein sentral skikkelse i Barbizon-skulen. Corot underviste søstrene, introduserte dei for friluftsmåleri og hjelpte dei til å bli kjende i miljøet. Søstrene Moriost arbeidde tett saman til Edma gifta seg og fekk barn.

Debut og impresjonisme[endre | endre wikiteksten]

Lesing (1873), no i Cleveland Art Museum.

Berthe Moriost stilte ut for første gong i Salon de Paris i 1864, då ho var 23, med to landskapsmåleri. Salongen var på den tid juryert av akademikunstnarar og støtta av regjeringa som den offisielle årlege utstillinga. Verka til Morisot blei godkjende i seks år på rad.[2] Fram til 1873 fekk ho stort sett rosande omtalar. I 1874 braut ho med denne tradisjonen og slo seg saman med dei avslåtte kunstnarane Cézanne, Degas, Monet, Pissarro, Renoir og Sisley om å halda ei alternativ utstilling i atelieret til fotografen Nadar.

Eugene Manet og dotter hans ved Bougival (1881)
Jente med raudt forkle, ei skisse av Berthe Morisot.

I 1868 var Morisot blitt kjend med Édouard Manet, og dei fekk eit nært kunstnarisk tilhøve. Manet måla fleire bilde av henne og «retta» ein gong uønskt på eit av måleria hennar. Tradisjonelt var han meisteren og ho elev, men mykje tyder på at påverkinga gjekk begge vegar.[3] Morisot hadde sin eigen stil, der Manet ofte lånte trekk av henne til eige bruk. Mykje tyder på at det var ho som fekk han i gang med friluftsmåleri, og ho fekk han også inn i kretsen av unge målarar som seinare blei kjende som impresjonistar. I 1874 gifta Morisot seg med Eugene Manet, som var bror til Édouard.

Som andre impresjonistar måla Morisot det ho såg dagleg. Som kvinne og medlem av det høgare borgarskapet var det tema som ikkje passa seg for henne, noko bilda speglar. Morsiot måla ikkje by- og gatemotiv og ikkje aktbilde, sjølv om ho hadde lært om anatomi gjennom studie av menneskekroppar. Som impresjonistkollegaene Mary Cassatt og Auguste Renoir fokuserte ho på heimlege sysler, landlege idyllar og portrett, der ho kunne bruka venar og familie til å sitja modell. Særleg måla ho dottera Julie Manet.

Berthe Morisot døydde den 2. mars 1895 og er gravlagt på Cimetière de Passy.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. WebMuseum
  2. Denvir 2000, s. 29-79
  3. Turner 2000, s. 319

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Denvir, B. (2000), The Chronicle of Impressionism: An Intimate Diary of the Lives and World of the Great Artists, London: Thames & Hudson, OCLC 43339405 
  • Turner, J. (2000), From Monet to Cézanne: late 19th-century French artists. Grove Art, New York: St Martin's Press, ISBN 0-312-22971-2 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Berthe Morisot