Birger Bergersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Birger Bergersen i 1953
Foto: Ørnelund, Leif / Oslo Museum

Birger Martin Bergersen (fødd 25. juli 1891 i Kvæfjord, død 14. juli 1977) var ein norsk tannlege, diplomat og politikar (Arbeidarpartiet).

Han oppnådde lærareksamen (1915), cand.real. i zoologi ved Universitetet i Oslo (1925), og vart seinare professor i odontologi ved same universitet og hadde fleire studieturar i utlandet og dessutan Rockefellerstipend (1926–1927). Denne bakgrunnen gjorde at han vart valt inn i den norsk-russiske selfangstkommisjonen frå 1926 og formann i Kvalrådet 1936—54, og seinare president i Den internasjonalen kvalfangstkommisjonen 1947-53. Han var òg i styret til Sjøfartsmuseet frå 1928.

I perioden 1925-1947 var han tilsett ved Noregs Tannlegehøyskole, professor i anatomi frå 1932 og rektor frå 1939, avsett i 1942. Som byråkrat og diplomat var han i Forsyningsdepartementet i London (1942–45), før han arbeidd som sendemann (1946) og seinare ambassadør i Stockholm (1947–1953). Han var deretter Kyrkje- og undervisningsminister (1953–1960).

Bergersenfjella, Statsrådsbreen og Birgerhøgda i Dronning Maud Land er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]