Blåkveite
| Blåkveite | ||
| Systematikk | ||
| Domene: | Eukaryota | |
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Underrekkje: | Vertebrata | |
| Klasse: | Osteichthyes | |
| Underklasse: | Actinopterygii | |
| Overorden: | Acanthopterygii | |
| Orden: | Pleuronectiformes | |
| Familie: | Pleuronectidae | |
| Slekt: | Reinhardtius | |
| Art: | R. hippoglossoides | |
| Vitskapleg namn | ||
| Reinhardtius hippoglossoides | ||
Blåkveite er ein halvvegs pelagisk kveitefisk som lever på djupt vatn i nordlege havområde.
Innhaldsliste |
Utsjånad [endre]
Blåkveita er ein avlang flyndrefisk med stor munn og kraftige kvasse tenner. Fargen kan variere. Sjølv blindsida (venstre sida) er pigmentert. Venstre auga har ikkje heilt flytta over til augesida, men sit midt i ryggen. Makslengden er 130 cm, og største vekt 50 kg. Hannen går likevel sjeldan over 80 cm og 8 kg, hoa sjeldan over 100 cm og 20 kg.
Vanar [endre]
Til skilnad frå dei fleste andre flyndrefiskar er blåkveita ein semipelagisk fisk, som ofte sym på høgkant. Den pigmenterte blindsida og augene si plassering reknast som ei tilpassning til dette. Arten trivst i djupt, kaldt vatn, mellan -1°C og 4°C samt ned til 2000 m; oftast held fiskane seg kring 500-1000 m. Føda består av fisk, krepsdyr og ulike botndyr. Også blekksprutar vert tekne. Største noterte alder er 30 år.
Forplanting [endre]
Hannane vert kjønnsmogne 7-8 år gamle, hoene når dei er 9-11 år. Paringstida fell om sommaren, då hoa kan legge opp til 50 000 pelagiske egg på 600-1200 m djupn. Yngelen lever pelagisk.
Utbreiing [endre]
Fisken lever i hava på den nordlege halvkula. I Atlanterhavet finst arten frå Canada og New Jersey i USA til Grønland, Spitsbergen og langs kysten av Noreg til Barentshavet samt sørover til Irland. I det nordlege Stillehavet finst fisken frå Japanhavet til Alaska og sørover til Baja California i Mexico.
Kommersiell bruk [endre]
Ein skatta matfisk som vert teken med trål. Særleg i det grønlandske fiskeriet har han stor verdi.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på « Mindre hälleflundra» frå Wikipedia på svensk, den 28. mars 2012.