Cape Breton

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cape Breton
Lokalt namn: Cape Breton Island
Cape breton island 1.jpg
Geografi
Cape Breton Island.png
Stad Nord-Atlanteren
Koordinatar 46°10′N 60°45′WKoordinatar: 46°10′N 60°45′W
Areal 10 311 km²
Høgaste punkt White Hill (532 moh.)
Administrasjon
Land Canada
Provins Nova Scotia
Største busetnad Sydney (24 115 innb.)
Demografi
Folketal 147 454 (2001)
Folketettleik 14,3 /km²
Cape Breton sett frå rommet

Cape Breton (engelsk Cape Breton Island, fransk Île du Cap-Breton, skotsk-gælisk Eilean Cheap Breatuinn, mi'kmaq Únamakika) er ei øy i Atlanterhavet utanfor austkysten av Canada. Namnet kjem av bretonsk og er knytt til Bretagne. Cape Breton er ein del av provinsen Nova Scotia og er skilt frå denne halvøya ved Cansosundet. Over sundet går vegfyllinga Canso Causeway. Mot aust ligg Atlanterhavet, mot vest ligg St. Lawrence-bukta . Landmassen er tilnærma u-formet, med havbukta Bras-d’Or i sentrum av øya.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya utgjer fire av dei 18 fylka, ’’counties’’, i provinsen, nemleg Cape Breton Country, Inverness County, Richmond County og Victoria County. I 2001 hadde øya 147 454 innbyggjarar, eller 16 % av innbyggjarane i provinsen. Dette var ein tilbakegang på 6,8 % sidan førre folketeljing i 1996. 72 % av innbyggjarane heldt til i CBRM, Cape Breton Regional Municipality, eit område prega av kol- og stålindustri.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cape breton island 2.jpg
Cape breton island 3.jpg

Dei første innbyggjarane på Cape Breton var truleg forgjengarar til dagens Micmac-folk, dei som budde på øya då europearar fann øya i 1497. Oppdagaren av øya var den italiensk-engelske John Cabot. I 1522 etablerte portugisarane ein fiskekoloni under João Alvares Fagundes og så mange som 200 nybyggjarar budde i ein namnlaus landsby på nordvestsida av øya, der dagens samfunn Ingonish ligg. Kva som skjedde med kolonien er ukjend, sjølv om han vart nemnt så seint som i 1570.

I 1631 gav Karl I av England Cape Breton til Robert Gordon av Lochinvar og son hans Robert. Derimot var det franskmennene som skulle starte den første større koloniseringa og eit fransk fort vart bygd midt på den austre halvøya i Fort St. Anne tidleg på 1700-talet for å vakte innseglinga til St. Lawrence-bukta og for å verna franske fiskarar på Grand Banks, dei rike fiskebankane aust for Nova Scotia. Franskmennene kalla øya Île Royale. Noko seinare vart den største største festninga til Frankrike i den nye verda, Louisbourg, bygd. Den franske kongen Ludvig XV merka at han no forventa å sjå tårna på Louisbourg i horisonten i vest, med tanke på dei store pengesummane som hadde vorte brukt. Louisbourg fall derimot i 1713 og igjen under sjuårskrigen i 1760, og i 1763 vart Île Royale avstått til Storbritannia ved freden i Utrecht. Britane slo øya saman med Nova Scotia, som dei alt hadde erobra i 1713, og New Brunswick.

De første nybyggjarane som kom til øya etter den britiske erobringa var irske. Derimot gjekk dei snart opp i den franske kulturen som alt var der. I 1784 vart kolonien delt i tre; New Brunswick, Cape Breton Island og Nova Scotia. Kolonien hadde hovudstad i Sydney. Den økonomiske utviklinga gjekk sakte og gruvedrifta, som hadde vore viktig i den franske tida, låg nede dei første tiåra etter den britiske erobringa.

I 1820 vart kolonien Cape Breton Island slått saman for andre gong med Nova Scotia. Så følgde ei større industriell utvikling av kolleiene på den austlege delen av øya. Industrialisering, raskare skipsfart og framgang innan fiskeria førte på andre halvdel av 1800-talet til kontakt og folkeutveksling mellom Cape Breton og Newfoundland, noko ein framleis ser i dag.

Den etniske samansetninga endra seg òg. På første halvdel av 1800-talet opplevde øya ein stor tilstrømming av skottar frå det skotske høglandet. Skottane utvandra på grunn av The Highland Clearances, ein prosess der leiglendingar vart kasta ut av heimane sine for å gje plass til kvegavl. Dei førte med seg gælisk språk og anten katolsk eller presbyteriansk religion. Kampanjar i skulane på 1800- og byrjinga av 1900-talet forsøket å hindre bruk av gælisk hos dei unge og med engelskspråklege media på 1900-talet gjekk bruken av gælisk sterkt tilbake. Framleis finst det lokalsamfunn der gælisk er i bruk. Dette vart òg hjelpt av turismen, som la vekt på lokalt særpreg. I dag finst Gaelic College of Celtic Arts and Crafts som skal fremme språk og kultur.

Siden Cape Breton Island er av dei austlegaste landområda i Nord-Amerika, vart øya viktig for utviklinga av telefonteknologien, med namn som Alexander Graham Bell og Guglielmo Marconi.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bras d'Or

Øya er 10 311 km² stor, eller så stor som Østfold, Akershus og Vestfold til saman. Dette gjer ho til den 75. største øya i verda. Kysten er prega av klipper og steinete nes og landtunger, medan innlandet er prega av jordbruksland, bredalar forma av isen, skogområde og sletter. Det finst indikasjonar på at delar av øya opphavleg hang fast med med Skottland og Noreg, som no ligg langt unna på grunn av millionar av års kontinentaldrift.

Den nordlege delen av Cape Breton er dominert av Cape Breton Highlands, eller The Highlands, ei framhald av Appalachane som går langs Atlanterhavskysten av Nord-Amerika. Her vart i 1936 Cape Breton Highlands National Park oppretta med eit areal på 949 km². Den kjente ruta Cabot Trail er ein naturskjønn veg som går langs kysten av dette området.

Midt på øya ligg saltvassfjorden Bras d’Or. I tillegg finst det fleire innsjøar og elvar på øya. Cape Breton har sidan 1955 hatt fastlandssamband med veg og tog via Canso Causeway, ei større vegfylling. Skipstrafikken går gjennom Canso-kanalen i den austlege delen av fyllinga.

Folkesetnad[endre | endre wikiteksten]

Folkesetnaden på øya kan delast inn i fem grupper:

-Micmac: Dei innfødde.

-Akadiarane, fransktalande med røter tilbake til 1600-talet.

-Irar som kom etter den britiske erobringa

-Skottar, som kom på byrjinga av 1800-talet og som dominerer i dag

-Engelskmenn, der dei første kom som følgje av den amerikanske revolusjonen.

I tillegg er det mindre grupper av svarte kanadiarar, italienarar og austeuropearar. Dei sistnemnde kom som følgje av industriutviklinga i Cape Breton-regionen.

Dei siste tjue åra har innbyggjartalet stort sett peikt nedover. Denne trenden har auka dei siste åra på grunn av problem i industri og sysselsetting. Frå 1996 til 2001 gjekk folketalet tilbake frå 158 260 til 147  454, heile 6,8%.

Etnisk samansetning

Religion

Statistics Canada rapporterte i 2001 om 107 880 religiøse på Cape Breton, mellom anna 3915 utan religiøs tilknytting. [1] Dei største gruppene var:

  • Romersk katolsk: 69 820
  • Protestantar: 32  575 (mellom anna 13 790 United Church of Canada og 10 170 anglikanarar)
  • Ortodokse: 395
  • Jødiske: 235
  • Muslimar: 135

Synagoger i Sydney og Glace Bay tener eit lite jødisk samfunn med lange tradisjonar som ein gong av av dei største i Aust-Canada. Nyare muslimske innvandrarar held fredagsbønn på Cape Breton-universitetet.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Cape Breton har to viktige kolførekomstar, mellom anna Sydney Coal Field søaust på øya ved Atlanterhavskysten. Desse har gjennom 1800-talet og fram til etter den andre verdskrigen vore av dei største private arbeidsgjevarane i Canada. Inverness-feltet vest på øya er langt mindre, men her var det òg fleire gruver tidlegare. Sydney har tradisjonelt vore den største hamnebyen, med ei verna, naturleg hamn. Sydney er òg det største handelssenteret og heimby for dagsavisa på øya, The Cape Breton Post, samt det einaste aktive fjernsynsstudioet, CJCB-TV og fleire radiostasjonar. Frå Marine Atlantic Terminal i North Sydney går det ferjer til Channel-Port aux Basques på Newfoundland, sommarstid òg til Argentia på Newfoundland. Point Edward på vestsida av Sydney Harbour er ein tidlegare kanadisk marinebase som no vert nytta til private formål. Kystvaktskulen i Canada, Canadian Coast Guard College, ligg i nærleiken i Westmount. Glace Bay er den nest største byen og var det største gruvesenteret før den siste gruva stengte på 1980-talet. Glace Bay var òg eit viktig jernbaneknutepunkt og sentrum for fiskeria. Tidlegare var Glace Bay den største byen i heile Nova Scotia.

Port Hawkesbuy vart ei viktig hamn etter at Canso Causeway, moloen til fastlandet, vart fullført og ei ny, djup og verna hamn oppstod. Cansosundet er ope for skip av same storleik som dei som kan gå i Saint Lawrence Seaway og i hamna i Port Hawkesbury kan ta dei djupastgåande fartøya.

Industrien på Cape Breton har møtt store utfordringar med stenginga av dei viktige kolgruvene. Øybuarane har derfor vorte tvunge til å omstille seg mot reiseliv, call-sentra, småindustri og industri som lager bildelar, farmasøytiske produkt og vindaugeglas.

Medan byområdet rund Sydney har gjennomgått ei tøff omstilling, har livet på landsbygda vore meir stabilt med ei blanding av fiske, skogbruk, landbruk i liten skala og reiseliv. Særleg har reiselivet auka ein del. Det største trekkplasteret er Cabot Trail, ein flott kyststrekning langs nordsida av øya som kvart år trekker til seg 400 000 turistar. Festninga Louisbourg, den franske festninga som har vorte gjenoppbygd, bygger opp under historia til øya. Øya legg òg vekt på den keltiske arva si og held Celtic Colours Festival kvar oktober og nyttar Gaelic College of Celtic Arts and Crafts aktivt i marknadsføringa.

Folkemusikk[endre | endre wikiteksten]

Cape Breton er kjent for sitt felespel som kom til Nord-Amerika med skotske immigrantar på 1800-talet og spelestilen er tru mot tradisjonane. Ceilidh, eller folkedansoppvising, er populær underhalding om sommaren. Landsbyen Judique er kjent som '’Bhaile nam Fonn'’, tonebygda og her finst Celtic Music Interpretive Centre. Fleire felespelarar har òg vorte kjent i resten av Canada.

Ymse[endre | endre wikiteksten]

•Cape Breton har eit enormt, tidlegare industriområde med forureining i grunnen. Sydney Tar Pods ligg nær sentrum av Sydney og her vart avfall frå koksomnane dumpet i tjern då industrien gjekk for fullt. I bakken overfor ligg ei tidlegare kommunal fylling. Eit prosjekt til 400 millionar kanadiske dollar (ca. 2 milliardar kroner) er no på veg.

• Distrikt 26 av fagforeningen United Mine Workers of America frå industriområdet ved Sydney var det einaste distriktet som prøvde å verte medlem av Profintern.

• Festninga Louisbourg er det største historiske monumentet i Canada og det største historiske restaureringsprosjektet i Nord-Amerika. Louisbourg har no vorte tilbakeført til den forma det hadde då det midt på 1700-talet var ein fransk festningsby.

• Alexander Graham Bell var ein skotskfødd oppfinnar som til slutt slo seg ned for godt på sommarresidedensen sin på øya.

• Glen Breton er det einaste destilleriet for maltwhisky i Nord-Amerika.

• Gruva ved Port Morien vert rekna som den første kommersielt drivne kolgruva i Nord-Amerika. Ho forsynte Louisbourg med kol på 1700-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cape Breton