Damptraktor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fowler damptraktor.

Damptraktor er ein dampdriven traktor og føregangaren til traktorar med motorar med innvendig forbrenning. Innan jordbruk vart damptraktorar fyrst og fremst nytta for pløying og for å trekkja treskjeverk. I Europa vart pløying med damptraktorar for det meste utført med vinsjdregne vippeplogar, ofte kalla dampplogar, medan det i Nordamerika var vanleg med slepeplogar. Denne artikkelen gjev eit oversyn over utviklinga og bruksområde av dei ulike damptraktorane.

Tidleg utvikling[endre | endre wikiteksten]

Den fyrste traktoren var dampdriven og stammar frå 1834, då John Heatcoat bygde ein dampdriven beltetraktor som var tenkt nytta for å pløya opp blaut myr [1]. Belta på denne dampplogen var laga av treplater som vart heldt saman av kraftig kanvas og maskina var utstyrt med vinsjar som drog plogar. Denne maskina vart ingen suksess og ein trur at ho vart ståande ute på ei myr til ho sokk ned [1].

Drift av treskeverk[endre | endre wikiteksten]

Drift av treskeverk med damptraktor.

Ei av dei fyrste og viktigaste oppgåvene for damptraktorane var drift av treskeverk. Der fossekraft ikkje var tilgjengeleg hadde ein tidlegare nytta hestevandringar, men dette var hardt arbeid som sleit på hestane. Det var heller ikkje så lett å få hestane til gå med rett fart. Gjekk dei for sakte vart ikkje alle kjernane treska or kornet og gjekk dei for fort førte det til auka tap på grunn av at noko av kjernane vart blese ut saman med agnene. Flyttbar dampmaskinar (lokomobilar) hadde vore i bruk før damptraktorane kom på marknaden, med dei sjølvgåande maskinane gjorde det lettare å flytta frå gard til gard. Forutan at dei køyrde sjølv kunne damptraktorane trekkja treskeverket og anna utstyr etter seg, så ein trong ikkje nytta hestar til transporten.

Det var berre storgardar som hadde råd til å investera i damptraktorar, så dei fleste vart kjøpte av entreprenørar eller maskinlag som så tok på seg tresking for mange gardbrukarar og slik spreidde kostnadane mellom dei. Forutan damptraktor og treskeverk var det vanleg at entreprenøren stilte med maskinist, fyrbøtar, osb. Men det var ofte gardbrukaren som var ansvarleg for å skaffa brensle og vatn. Det gjekk mykje vatn, som ofte måtte hentast med hest frå næraste vatn, eller bekk.

Pløying med vinsjdregne plogar[endre | endre wikiteksten]

Vinsjen på ein Fowler damptraktor.

Damptraktorane var tunge og hadde lett for å køyre seg fast på blaut underlag. Dessutan gjekk mykje av effekta med til å trekkja traktorane, så det vart utført mindre arbeid. Dei var òg tunge å manøvrera på små areal. I Storbritannia og Tyskland, men òg i andre europeiske land, var det difor på 1800-talet vanleg å montera ein kraftig vinsj som vart nytta til å trekkja vippeplogar med ståltau [1] [2]. Traktorane arbeidde ofte i par, med ein traktor på kvar ende av marka som skulle pløyast. Når den eine traktoren drog plogen mot seg, gjekk den andre på tomgang og gav ut ståltau. Når ein nytta berre ein traktor vart det nytta eit jordanker på den eine sida [1].

Om vinteren, frå november til mars, var marka for våt til at dei tunge dampplogane kunne nyttast til pløying [3]. Tida vart då nytta til ettersyn og reparasjon, men òg for å drive treskjeverk.

Ved å bytta ut vippeplogen med ei skuffe kunne dei òg nyttast til drenering av dammar og kanalar. Det var då vanleg å ha ein traktor på kvar side, slik at skuffa kunne fyllast i begge retningar. Ei slik skuffe kunne ta nokre tonn med masse.

Trekkmaskinar innan jordbruket[endre | endre wikiteksten]

Case damptraktor.

I Nord-Amerika vart damptraktorane fyrst og fremst nytta til å pløya opp prærien, som hadde ei tjukk tørr berekraftig grasmatte og traktorane køyrde seg ikkje så lett fast. Damptraktorane kunne difor dra plogen etter seg og ein slapp arbeidet med ståltau og utplassering av jordankre. Dei tunge traktorane var saktegåande men hadde stor trekkraft og det vart nytta slepeplogar med opp til 12 og nokre gongar 14 skjer.

Trekkmaskinar for vegtransport[endre | endre wikiteksten]

Tungtransport med tre damptraktorar. Frå ein demonstrasjon på Great Dorset Steam Fair i 2007.

Damptraktorar vart òg nytta for å trekkja tung last etter vegen, både lokalt og over lengre avstandar. Spesielt i Storbritannia var denne forma for transport utbreidd. Lasta kunne vera trevirke, jordbruksprodukt, kol, råvarer som stål og stein, ferdige produkt som maskinar, murstein osb. Vegane på 1800-talet var ikkje så gode, men farten var låg. Det vart nytta firehjuls tilhengarar og ein damptraktor drog ofte fleire tilhengarar. Det var ofte eit problem at bruer braut saman når ein damptraktor med tilhengar passerte.

Tivolitraktorar[endre | endre wikiteksten]

Engelsk tivolitraktor

I Storbritannia vart damptraktorar i stort mon nytta av reisande tivoli, for å trekkja bustadvogner og tilhengarar med utstyr. Tivolitraktorane var som oftast måla i skarpe farger og utstyrte med ymse krimskrams og var ein del av attraksjonen til tivoliet. Dei vart òg nytta til å driva ein dynamo, slik at tivoliet hadde tilgang til elektrisk ljos. Nokre tivolitraktorar var utstyrte med vinsjdriven kran, som vart nytta til å reisa store telt og sirkushjul.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Haining, J. og Tyler, C., Ploughing by steam, Model & Allied Publications Ltd., 1970.
  2. Rayner, D., Traction engines, Shire Publications, 2002.
  3. Bonnet, H., Farming with steam, Shire Publications, 1974.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]