Den olympiske hymnen
|
Ærverdige antikkens ånd Heile vår jord - heile vår jord Opninga og slutten av OL-hymnen
|
Den olympiske hymnen er ein kor-kantate skriven for Dei første olympiske leikane og sidan 1958 rekna som den offisielle songen for Dei olympiske leikane.
Hymnen vart skriven til Dei første olympiske leikane som vart arrangerte i Aten 1896, med tekst av Kostis Palamas og melodi av Spirou Samara. Hymnen vart framført under opningsseremonien.
Arrangørar av seinare olympiske leikar har framført andre tilsvarande songar, men etter 1960 har dette verket vore offisiell OL-hymne.
Til vinter-OL 1994 på Lillehammer vart den olympiske hymnen omsett til norsk av Halldis Moren Vesaas. Hymnen vart sungen av Sissel Kyrkjebø under opningsseremonien til musikk arrangert av Frode Thingnæs framført av Forsvarets representasjonsorkester.