Sommar-OL 1908

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sommar-OL 1908

Vertsby London i Storbritannia
Nasjonar 22
Øvingar 110
Idrettsgreiner 22
Opna 27. april 1908, av Edvard VII
Avslutta 31. oktober 1908
Utøvarar
Menn 1 980
Kvinner 44
Totalt 2 024
Dei olympiske sommarleikane
Aten 1906 Stockholm 1912

Sommar-OL 1908 blei halde i London i Storbritannia. Vertsnasjonen blei beste nasjon, medan Noreg fekk to gullmedaljar.[1]

Leikane var opphavleg lagde til Roma, men etter vulkanutbrotet til Vesuv i 1907, som la Napoli i ruinar, måtte italienarane bruka alle midlane sine til gjenoppbygging. OL blei flytta til London, og White City Stadium blei bygd på rekordfart.

Skøytelaup for fyrste gong i OL.

Leikane i 1908 var dei fyrste som inneheldt vinterøvingar, med fire kunstlaupsøvingar. Isøvingane kunne sjølvsagt ikkje haldast om sommaren, men gjekk føre seg nokre månader ifrå dei andre øvingane.

Den offisielle sida til OL skriv at talet på deltakarar var 2008 og Sportsreference skriv 2024; 1980 menn og 44 kvinner.[2][1]

Nasjonalisme[endre | endre wikiteksten]

Svenske Arvid Spangberg boikotta innmarsjen, men seinare deltok han i stupekonkurransen.

Dette var dei fyrste offisielle leikane der alle deltakarane var delte inn i lag etter kva land dei kom frå, noko som fyrst blei gjort under jubileumsleikane i Hellas i 1906. Under opningsseremonien skulle dei òg marsjera bak flagga til landa sine. Dette skapte ulike problem. Ettersom Finland var underlagt Russland, var det venta at finnane skulle gå bak det russiske flagget heller enn sitt eige. Dei valde heller å gå utan flagg. Deltakarar frå Irland blei ein del av det britiske laget, og mange av dei valde derfor å ikkje vera med på leikane.

Det svenske flagget blei ikkje heist over stadionet, og svenskane nekta derfor å delta i opningsseremonien. Også USA sitt flagg blei utelate, og på grunn av dette nekta flaggberaren å senka det for den britisk kongefamilien. Ein lagkamerat forklarte etterpå dette med at «flagget bøyer seg ikkje for nokon konge på jorda», noko som førte til at amerikanarar sidan venta at flaggberaren deira skulle fornærma statsoverhovud ved ikkje å senka flagget for dei.

Nye reglar[endre | endre wikiteksten]

Maraton[endre | endre wikiteksten]

I dette laupet blei lengda for maratonlaupet fastsett for fyrste gong, til 42,195 km. Startlinja blei flytta slik at kongefamilien skulle kunna sjå henne betre.

I dette laupet kom italienske Dorando Pietri fyrst inn på stadion, men han kollapsa fleire gonger og sprang deretter feil veg. Ikkje langt frå vinnarstreken tok to adjutantar han i armane og hjelpte han over. På grunn av dette blei Pietri diskvalifisert, og amerikanske John Hayes vann gullmedaljen. Pietri blei likevel den symbolske vinnaren, og blei dagen etter overrekt ein gullpokal av dronning Alexandra.

Dømming[endre | endre wikiteksten]

Leikane førte òg til standardreglar for idrett, og til at ein byrja å ta i bruk dommarar frå ulike land, heller enn berre frå vertslandet. Ein grunn til dette var 400-meteren, der den USA-amerikanske vinnaren blei skulda for å ha hindra den britiske deltakaren, Wyndham Halswelle. Laupet blei halde på nytt, men dei tre amerikanske deltakarane nekta å springa, og Halswelle vann ved å springa åleine rundt banen.

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Ein medalje frå 1908, med relieff av Atene.
Dei beste nasjonane
Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt
1 Storbritannia 56 51 38 145
2 USA 23 12 12 47
3 Sverige 8 6 11 25
4 Frankrike 5 5 9 19
5 Tyskland 3 5 6 14
6 Ungarn 3 4 2 9
7 Canada 3 3 10 16
8 Noreg 2 3 3 8
9 Italia 2 2 0 4
10 Belgia 1 5 2 8

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «1908 London Summer Games» (på engelsk). Sportsreference. Henta 21. januar 2017. 
  2. «London 1908 Summer Olympics» (på engelsk). olympic.org. Henta 21. januar 2017.