Saint Lucia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saint Lucia

(norsk: Saint Lucia, sanktlusiansk)

Det sanktlusianske flagget Det sanktlusianske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Sons and Daughters of Saint Lucia»
Motto The Land, The People, The Light
(Landet, folket, lyset)
Geografisk plassering av Saint Lucia
Offisielle språk Engelsk
Hovudstad Castries
Styresett
Kong
Statsminister
Monarki
Charles III
Philip J. Pierre
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
616 km² (180.)
1,6 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
164 994 (180.)
267,8 /km² (32.)
Sjølvstende
 - Dato
Frå Storbritannia
22. februar 1979
Nasjonaldag 22. februar
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
2 032 mill. USD (178.)
USD (.)
Valuta Austkaribisk dollar (XCD)
Tidssone UTC -4
Telefonkode +1-758
Toppnivådomene .lc


Saint Lucia er ein øystat i dei små Antillane i det karibiske havet som ligg nord for Saint Vincent og Grenadinane og sør for Martinique. Hovudstaden Castries er bygd opp rundt ei fin naturleg hamn.

Kart over Saint Lucia

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Pitonane utanfor Soufrière.
Foto: Anthony R. Picciolo, 1988

Øya har eit tropisk klima mildna av passatvindane. Regntida varer frå mai til august og årsnedbøren varierer frå 1300 mm til kring 3000 mm. Orkanar og vulkansk aktivitet er vanlege trugsmål frå naturen.

Det finst fleire fjell her enn på mange andre karibiske øyar. Mount Gimie er den høgaste toppen, 950 moh. Dei to Pitonane er betre kjende landemerke og symbol på øya. Dei ligg like utanfor Soufrière i vest. I Soufrière finst òg ein av dei få vulkanane i verda ein kan køyra inn i.

Naturressursar er regnskog, sandstrender og pimpstein. Nokre særskilde dyreartar er papegøyen saintluciaamazon (Amazona versicolor) og saintluciatrupial (Icterus laudabilis).

Erosjon som følgje av avskoging er eit av miljøproblema på øya, særleg i nord. All elektrisitet blir laga av fossile drivstoff. Saint Lucia har skrive under på, men ikkje ratifisert Kyotoprotokollen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arawakar slo seg ned på øya på 200-talet. Dei blei gradvis fortrengde av karibar. Desse kalla øya «Iouanalao» og «Hewanorra», som tyder 'iguanøya'.

Den første europearen som slo seg ned på øya var sjørøvaren Francois le Clerc, som tok henne som base på 1550-talet. Nederlendarane bygde ei festning på Vieux Fort rundt 1600.

Gjennom heile 1600-talet og ved byrjinga slost England og Frankrike om øya, som skifta eigar 14 gonger. Storbritannia sat til slutt igjen som vinnar i 1814. Då slaveriet blei oppheva i 1838 blei 13 000 menneske frigjevne.

Saint Lucia var ein provins i den kortliva Vestindiske føderasjonen frå 1958 til 1962. Landet fekk sjølvstyre i 1967 og fullt sjølvstende i 1979.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Bananindustrien er særs viktig for Saint Lucia, men endra innførselereglar til EU og auka konkurranse frå Latin-Amerika har gjort det nødvendig for landet å finna andre næringsvegar. Det har lukkast i å lokka til seg utanlandske investeringar, særleg innan bankverksemd og turisme. Saint Lucia har òg den mest varierte produksjonsindustrien i austre Vest-India.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling.

Ved folketeljinga i 2010 hadde landet ein fastbuande folkesetnad på 166 526.[1] Nesten 40 % av innbyggjarane bur i distriktet Castries,[2] der hovudstaden ligg.

Gjennomsnittsalderen er 24,1 år (2002). Språka på øya er engelsk og fransk kreol.

Rundt 90 % av lucianarane er katolikkar, 3 % er anglikanarar medan 7 % høyrer til ulike protestantiske retningar.

Saint Lucia har den høgaste delen nobelprisvinnarar i høve til folketalet. Øya har produsert to vinnarar, Arthur Lewis som fekk økonomiprisen i 1979, og Derek Walcott som fekk litteraturprisen i 1992.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 2010 population and housing census, Central Statistics Office, 2011, s. 10.
  2. 2010 population and housing census, Central Statistics Office, 2011, s. 8.