Det europeiske venstrepartiet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Det europeiske venstrepartiet, på engelsk European Left (EL), på fransk Gauche Europeenne, er eit politisk parti på europeisk nivå og ei samanslutning av venstresosialistiske og reformkommunistiske parti i Den europeiske unionen EU. Det blei danna i januar 2004 for å delta i valet til EU-parlamentet det året. Det blei etablert den 8. mai 2004, i Roma.

Medlemspartia er: Rifondazione Comunista PRC, Italia, Die Linke, Tyskland, Det franske kommunistpartiet PCF, Det sameinte venstre, Spania, Det spanske kommunistpartiet, Det sameinte og alternative venstre, Catalunya, Partiet for Demokratisk Sosialisme SDS, Den tsjekkiske republikken, Venstrealliansen Synaspismos, Hellas, Arbeidarpartiet, Ungarn, Det austerrikske kommunistpartiet KPÖ, Det estiske venstrepartiet EVP, Det sosialistiske alliansepartiet PAS, Romania, Det rumenske kommunistpartiet (2010), Romania, Det sanmarinesiske kommunistpartiet PRC, San Marino, Arbeidspartiet PvdA, Sveits.

Desse partia har observatørstatus i EL: Enhedslisten – de rødgrønne, Danmark, Suomen Komunistinen Puolue, Finland, Det tsjekkiske kommunistpartiet KSCM, Det tyske kommunistpartiet DKP, Partiet til dei italienske kommunistane PdCI, Venstrepartiet, Luxemburg, Venstreblokka, Portugal, Det slovakiske kommunistpartiet KSS, Fridoms- og solidaritetspartiet ÖDP, Tyrkia.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]