Opole-voivodskapet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Opole-voivodskapet
Województwo opolskie
Flagget til Opole-voivodskapet Våpenet til Opole-voivodskapet
Flagget til Opole-voivodskapet Våpenet til Opole-voivodskapet
Plasseringa til Opole-voivodskapet i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Opole
Fylke: 1 by og 11 landfylke
Gmina: 71
Folketal: 1 044 346 (2006)
Areal: 9 413 km²
Folketettleik: 111 /km²
Heimeside: www.umwo.opole.pl/

Opole-voivodskapet (polsk Województwo opolskie eller berre Opolskie; tysk Woiwodschaft Oppeln) er ein av 16 voivodskap i Polen.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Opole-voivodskapet og delar av Częstochowa. Namnet kjem frå den største byen og hovudstaden i voivodskapet, Opole.

Opole-voivodskapet grensar til Nederschlesiske voivodskap i vest, Storpolske og Łódź-voivodskapet i nord, Schlesiske voivodskap i aust og Tsjekkia i sør.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet ligg sørvest i Polen og den største delen er ein del av Det schlesiske låglandet (Nizina Śląska). I aust grenser regionen til Det schlesiske høglandet (Wyżyna Śląska), medan Sudetane og Opawskiefjella ligg i sørvest. Elva Oder renn tvers gjennom voivodskapet.

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 35 byar og landsbyar. Folketala i lista nedanfor er frå 2006 [1]):

1. Opole (128 034)
2. Kędzierzyn-Koźle (65 572)
3. Nysa (47 283)
4. Brzeg (38 303)
5. Kluczbork (25 910)
6. Prudnik (23 133)
7. Strzelce Opolskie (20 059)
8. Krapkowice (18 112)
9. Namysłów (16 557)
10. Głuchołazy (14 887)
11. Głubczyce (13 389)
12. Zdzieszowice (13 329)
13. Olesno (10 106)
14. Ozimek (9 944)
15. Grodków (8 771)
16. Zawadzkie (8 331)
17. Praszka (8 230)
18. Paczków (8 147)

19. Niemodlin (6 849)
20. Kietrz (6 365)
21. Wołczyn (6 139)
22. Gogolin (6 077)
23. Lewin Brzeski (5 826)
24. Głogówek (5 816)
25. Otmuchów (5 261)
26. Dobrodzień (4 168)
27. Byczyna (3 677)
28. Kolonowskie (3 432)
29. Baborów (3 175)
30. Leśnica (2 945)
31. Prószków (2 713)
32. Biała Prudnicka (2 653)
33. Gorzów Śląski (2 606)
34. Korfantów (1 883)
35. Ujazd (1 652)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Opole-voivodskapet er delt inn i 12 fylke (powiat): Eitt byfylke og 11 landfylke. Desse er vidare delt inn i 71 gmina eller kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]