Subkarpatiske voivodskap

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Subkarpatiske voivodskap
Województwo podkarpackie
Flagget til Subkarpatiske voivodskap Våpenet til Subkarpatiske voivodskap
Flagget til Subkarpatiske voivodskap Våpenet til Subkarpatiske voivodskap
Plasseringa til Subkarpatiske voivodskap i Polen
 
Land: Polen
Hovudstad: Rzeszów
Fylke: 4 byar og 21 landfylke
Gmina: 159
Folketal: 2 096 971 (2006)
Areal: 17 844 km²
Folketettleik: 118 /km²
Heimeside: www.wrota.podkarpackie.pl/pl/um

Subkarpatiske voivodskap (polsk Województwo podkarpackie eller berre Podkarpackie) er ein av 16 voivodskap i Polen. Det ligg søraust i Polen og den administrative byen er Rzeszów. Tidlegare var Lwów administrasjonssete, men etter 1945 då Lwów vart ein del av Sovjetunionen, tok Rzeszów over denne rolla.

Voivodskapet vart oppretta 1. januar 1999 av dei tidlegare voivodskapa Rzeszów, Przemyśl, Krosno og delar av Tarnów og Tarnobrzeg. Namnet på regionen kjem av at han ligg nær Karpatane.

Det grensar til Veslepolske voivodskap i vest, Święty Krzyż-voivodskapet i nordvest, Lublin-voivodskapet i nord, Ukraina i aust og Slovakia i sør. Det dekkjer eit areal på 17 844 km² og har eit folketal på 2 096 971 (2006).

Byar og landsbyar[endre | endre wikiteksten]

Voivodskapet inneheld 46 byar og landsbyar. Folketala i lista under er frå 2006 [1]):

1. Rzeszów (163 155)
2. Przemyśl (66 715)
3. Stalowa Wola (65 818)
4. Mielec (61 118)
5. Tarnobrzeg (50 033)
6. Krosno (47 693)
7. Dębica (46 955)
8. Jarosław (40 549)
9. Sanok (39 481)
10. Jasło (37 768)
11. Łańcut (18 067)
12. Przeworsk (15 747)
13. Nisko (15 637)
14. Ropczyce (15 045)
15. Leżajsk (14 275)
16. Lubaczów (12 378)
17. Nowa Dęba (11 390)
18. Ustrzyki Dolne (9 478)
19. Kolbuszowa (9 172)
20. Strzyżów (8 703)
21. Brzozów (7 699)
22. Sędziszów Małopolski (7 121)
23. Rudnik nad Sanem (6 744)

24. Nowa Sarzyna (6 308)
25. Dynów (6 076)
26. Lesko (5 864)
27. Radymno (5 603)
28. Jedlicze (5 593)
29. Boguchwała (5 535)
30. Głogów Małopolski (5 123)
31. Zagórz (4 990)
32. Pilzno (4 411)
33. Sokołów Małopolski (3 991)
34. Rymanów (3 564)
35. Tyczyn (3 299)
36. Kańczuga (3 211)
37. Oleszyce (3 168)
38. Radomyśl Wielki (2 912)
39. Dukla (2 136)
40. Narol (2 120)
41. Błażowa (2 110)
42. Sieniawa (2 065)
43. Cieszanów (1 899)
44. Iwonicz Zdrój (1 891)
45. Ulanów (1 494)
46. Baranów Sandomierski (1 453)

Administrativ inndeling[endre | endre wikiteksten]

Subkarpatiske voivodskap er delt inn i 25 fylke (powiat) og fire av desse er byfylke, og 21 landfylke. Desse er igjen delt inn i 159 gmina eller kommunar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]