Foreign Affairs av Tom Waits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Foreign Affairs
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve September 1977
Innspelt 28. juli - 15. august 1977
Sjanger Jazz, viser
Lengd 41:53
Selskap Elektra Entertainment
Produsent Bones Howe
Tom Waits-kronologi
Small Change
(1976)
Foreign Affairs Blue Valentine
(1978)

Foreign Affairs er det femte albumet til Tom Waits frå 1977 for Elektra Entertainment.

Foreign Affairs består i stor grad av rolege, jazz- og bluesprega pianoballadar, mellom anna «I Never Talk to Strangers», som er ein duett med Bette Midler. «California, Here I Come» var ein song som først vart gjeve ut i 1924. I tillegg finn ein enkelte jazzprega songar med noko raskare tempo der Waits meir les opp teksten i staden for å synge den.

Kritikarane byrja no å hevde at Waits repeterte seg sjølv med enno eit album sett til ein nattleg atmosfære med songar om taparar og drukkenboltar.

På plateomslaget kan ein sjå bilete av Rickie Lee Jones, som på den tida var kjærasten til Tom Waits.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songane er skrivne av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Cinny's Waltz» (instrumental) – 2:17
  2. «Muriel» – 3:33
  3. «I Never Talk to Strangers» – 3:38
  4. «Medley: Jack & Neal/California, Here I Come» («California, Here I Come» skriven av Joseph Meyer, Al Jolson og Buddy De Sylva) – 5:01
  5. «A Sight For Sore Eyes» – 4:40
  6. «Potter's Field» (tekst av Waits, musikk av Bob Alcivar) – 8:40
  7. «Burma-Shave» – 6:34
  8. «Barber Shop» – 3:54
  9. «Foreign Affair» – 3:46

Medverkande[endre | endre wikiteksten]