Bone Machine

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bone Machine
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve 8. september 1992
Sjanger Rock, eksperimentell blues
Lengd 53:30
Selskap Island
Produsent Joe Marquez
Tom Waits
Tom Waits-kronologi
Night on Earth
(1992)
Bone Machine The Early Years, Volume Two
(1993)

Bone Machine er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1992Island Records. Waits vann ein Grammy Award for albumet i kategorien «beste alternative musikkalbum».

Dette nakne albumet inneheld mykje perkusjon og gitar (og lite piano og saksofon) og markerte ei ny vending i Waits sitt lydbilete. Kritikar Steve Huey kalla det «kanskje Tom Waits sitt mest samanhengande album...eit makabert, skummelt mareritt, eit som nyttar dei underlege eksperimenta i klassikarane på 1980-talet til overveldande flott, og ofte opprivande, effekt ...den mest gripande og mektige plata til Waits, sjølv om det er langt frå hans mest tilgjengelege.»[1] Albumet har ein svært naken atmosfære med tekstar om mord, sjølvmord og korrupsjon. Tom Waits skreiv halvparten av songane i lag med kona si, Kathleen Brennan. Songen «That Feel» er skriven i lag med Rolling Stones-gitaristen Keith Richards, som òg er med på koring .

Bilete på plateomlaget er tatt av Jesse Dylan, son til Bob Dylan.

Songen «Goin' Out West» var med i filmen Fight Club frå 1999 og har vorte spelt av Queens of the Stone Age og Gomez.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Earth Died Screamin»g – 3:39
  2. «Dirt in the Ground» (Waits / Kathleen Brennan) – 4:08
  3. «Such a Scream» – 2:07
  4. «All Stripped Down» – 3:04
  5. «Who Are You» (Waits / Brennan) – 3:57
  6. «The Ocean Doesn't Want Me» – 1:51
  7. «Jesus Gonna Be Here» – 3:21
  8. «A Little Rain» (Waits / Brennan) – 2:58
  9. «In the Colosseum» (Waits / Brennan) – 4:50
  10. «Goin' Out West» (Waits / Brennan) – 3:19
  11. «Murder in the Red Barn» (Waits / Brennan) – 4:29
  12. «Black Wings» (Waits / Brennan) – 4:37
  13. «Whistle Down the Wind» – 4:36
  14. «I Don't Wanna Grow Up» (Waits / Brennan) – 2:31
  15. «Let Me Get Up On It» – 0:55 (Instrumental)
  16. «That Feel» (Keith Richards / Waits) – 3:11

Musikarar[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]