Franks Wild Years

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Franks Wild Years
Studioalbum av Tom Waits
Utgjeve August 1987
Innspelt The Sound Factory i Hollywood
Sjanger Rock, eksperimentell musikk
Lengd 55:34
Selskap Island
Produsent Tom Waits
Tom Waits-kronologi
Rain Dogs
(1985)
Franks Wild Years Big Time
(1988)

Franks Wild Years[sic] er eit musikkalbum av Tom Waits frå 1987Island Records. Albumet har undertittelen «Un Operachi Romantico in Two Acts» og inneheld songar av Waits og medlåtskrivarar (hovudsakleg kona Kathleen Brennan) for ein musikal med same namn. På Tom Waits-albumet Swordfishtrombones finn ein òg songen «Frank's Wild Years».

Dette var tredje albumet til Waits for Island Records og det tredje i rekkja med songar inspirert av tysk karnivalmusikk med sparsommelege arrangement med instrument som marimba, baritonhorn og pumpeorgel og ein hes og ru vokal.

Musikalen hadde premiere i Chicago i USA 22. juni 1986 og var framført av Steppenwolf Theatre Company ved Briar St. Theatre.

Forskjellige utgåver av songen «Way Down in the Hole» har vorte nytta som temamusikk for fjernsynsserien The Wire, inkludert Waits sin originalversjon for den andre sesongen.

«Frank's Wild Years» er òg ein remodernistisk kortfilm av Jesse Richards som delvis er inspirert av albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skriven av Tom Waits, bortsett frå der andre er nemnd.

  1. «Hang On St. Christopher» – 2:46
  2. «Straight to the Top (Rhumba)» (Waits / Greg Cohen) – 2:30
  3. «Blow Wind Blow» – 3:35
  4. «Temptation» – 3:53
  5. «Innocent When You Dream (Bar Room)» – 4:15
  6. «I'll Be Gone» (Waits / Kathleen Brennan) – 3:12
  7. «Yesterday is Here» (Waits / Brennan) – 2:29
  8. «Please Wake Me Up» (Waits / Brennan) – 3:36
  9. «Frank's Theme» – 1:49
  10. «More Than Rain» – 3:52
  11. «Way Down in the Hole» – 3:30
  12. «Straight to the Top (Vegas)» (Waits / Cohen) – 3:26
  13. «I'll Take New York» – 3:58
  14. «Telephone Call from Istanbul» – 3:12
  15. «Cold Cold Ground» – 4:07
  16. «Train Song» – 3:20
  17. «Innocent When You Dream (78)» – 3:08

Medverkande[endre | endre wikiteksten]