Knut Tore Apeland

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Knut Tore Apeland (fødd 11. desember 1968) frå Haukeli i Vinje er ein norsk, tidlegare kombinertrennar og skihoppar. Han sigra i sju tevlingar i verdscupen i kombinert og vann i 1996 verdscupen samanlagt. Apeland fekk sølv i kombinert under VM i 1993 og vart verdmeister for Noreg i lagtevlinga under ski-VM 1997 i Trondheim. Han fekk OL-sølv for lag i 1992 og 1994, samt VM-sølv for lag i 1993 og 1995.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Den 29. desember 1988 i Oberwiesenthal deltok Apeland i sitt andre verdscuprenn, der han gjekk heilt til topps framom Klaus Ofner. Seinare i sesongen vart Apeland nummer tre i Holmenkollen. I byrjinga av mars 1990 vann han sin andre siger i verdscupen, då han etter kombinertøvinga i Lahti hadde Allar Levandi på plassen bak seg, estlendaren Levandi representerte den gongen Sovjetunionen. I 1991-sesongen var ein fjerdeplass Apelands beste verdscupresultat.

Apeland fekk sin fyrste internasjonale meisterskapsmedalje då han i Albertville var med på det norske tremannslaget som erobra sølvmedaljen i lagtevlinga under OL. I den individuelle tevlinga kom han på tiandeplassen. Elles i sesongen kom han to gongar på tredjeplass i individuelle verdscuprenn. Under verdsmeisterskapen i Falun i 1993 sikra Apeland seg to sølvmedaljar, både i den individuelle kombinerttevlinga og i lagtevlinga. Kenji Ogiwara frå Japan vann den individuelle tevlinga 1.34 minuttar føre Apeland, medan Trond Einar Elden og Bjarte Engen Vik kom på dei to neste plassane.

I OL-året 1994 var Apeland på pallen i tre verdscuprenn i månadene føre Lillehammer. Han fekk ein ny lagsølv dei olympiske leikane og vart nummer elleve individuelt. Apeland opna 1994/95-sesongen med å vinne opningsrennet i Steamboat Springs framom landsmennene Bjarte Engen Vik og Fred Børre Lundberg. Seinare vart det ein ny verdscupsiger i Vuokatti, med landsmannen Halldor Skard på andreplassen. I mars 1995 var det ski-VM i Thunder Bay, der Apeland vann eitt nytt VM-sølv i øvinga for lag.

1996-sesongen vart Apelands største sesong. I fråvere av ein internasjonal meisterskap vann han verdscupen 1996. Han opna sesongen med siger i St. Moritz og ein andreplass i Val di Fiemme. I januar månad tok han tre tredjeplassar på rad, før han i byrjinga av februar gjekk til topps i Seefeld. Deretter noterte han seg for ein andreplass og ein fjerdeplass, før han vann i Trondheim. I mars månad vart han høvesvis nummer to, fem og to i renna i [Lahti, Falun og Oslo.

I verdsmeisterskapen 1997 i Trondheim lukkast det fullt ut for Apeland og Noreg i lagtevlinga. Etter å ha vorte nummer sju i den individuelle tevlinga, gjekk Apeland tredjeetappen for Noreg i det avsluttande langrennet i lagtevlinga. Dei andre på vinnarlaget var Halldor Skard, Bjarte Engen Vik og ankermannen Fred Børre Lundberg. Apeland deltok i si siste internasjonale meisterskapstevling då han vart nummer 16 i ski-VM 1999 i Ramsau.

Besteplasseringar i internasjonale meisterskap og renn[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Vinnar i Oberwiesenthal
  • 1990: Vinnar i Lahti
  • 1991: Nr 4 i Lahti
  • 1992: Nr 3 i Courchevel og Lahti. OL-sølv i lag
  • 1993: VM-sølv i Falun, og VM-sølv i lag
  • 1993/94: Nr 2 i St. Moritz. OL-sølv i lag
  • 1994/95: Vinnar i Steamboat Springs og i Vuokatti. Nr 6 i ski-VM i Thunder Bay. VM-sølv i lag
  • 1995/96: Vinnar i St. Moritz, Seefeld og Trondheim
  • 1996/97: Gullmedalje i lag i ski-VM i Trondheim. Nr 4 i Steamboat Springs
  • 1998: Nr 12 i to renn (halvprogram)
  • 1999: Nr 3 i Val di Fiemme.
  • 2000: Nr 7 i Nozawa Onsen (halvprogram)

Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap[endre | endre wikiteksten]

  • 1989: Bronsemedalje på Geilo
  • 1990: Bronsemedalje på Gjøvik
  • 1991: Bronsemedalje i Misvær
  • 1992: Bronsemedalje i Trondheim
  • 1993: Sølvmedalje på Lillehammer
  • 1994: Nr 4 kombinert og nr 5 i hopprennet i normal bakke i Vegårshei
  • 1995: Bronsemedalje i Oslo
  • 1996: Nr 4 i Stryn
  • 1997: Nr 7 i Mo i Rana
  • 1998: Nr 5 i Berkåk
  • 1999: Nr 5 på Raufoss
  • 2000: Nr 4 på Vang

Kjelder og bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]