Hammersmith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hammersmith

Lyric Theatre
Lyric Theatre
Plassering
Hammersmith is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Hammersmith and Fulham
Geografi
Koordinatar 51°30′″N 0°13′″WKoordinatar: 51°30′″N 0°13′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer W6
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hammersmith

Hammersmith er ein stad i bydelen Hammersmith and Fulham i det vestlege London. Området ligg sør for Shepherd's Bush, på nordsida av Themsen.

Hammersmith Bridge er den første hengebrua over Themsen. Vegen A4 går gjennom Hammersmith på veg til M4 og Heathrow lufthamn. Det ligg ei stor trafikkmaskin der, som består av krysset Hammersmith Broadway og brua Hammersmith Flyover.

Området er eit kommersielt sentrum, med blant anna to kjøpesenter og kontor for bl.a Coca-Cola, Disney, L'Oreal og Sony Ericsson.

Hammersmith undergrunnsstasjon betener tre linjer, og gjev dermed gode samband til andre delar av London.

Fleire TV-seriar er spelte inn i Hammersmith, blant anna BBCs Bottom, Channel 4s TFI Friday og vampyrserien Ultra Violet. Opningssekvensen i Bottom viser Hammersmith Broadway medan området var under utbygging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]