Brentford

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!

Brentford

Brentford sentrum
Brentford sentrum
Plassering
Brentford is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Hounslow
Geografi
Koordinatar 51°29′″N 0°19′″WKoordinatar: 51°29′″N 0°19′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer TW8
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Brentford

Brentford er eit forstadsområde i London Borough of Hounslow i London, der Themsen og Brent møter kvarandre omkring tretten kilometer vest-sørvest for Charing Cross. Namnet viser til ein vadestad (ford) i elva Brent.

Staden er først nemnd som Bregentforda omkring 781, då konsilet i Brentford blei halde. I Den angelsaksiske krønike blir den i ei oppføring frå 1016 nemnd som Bregentforda og Brentforda. Busetjinga er langt eldre enn dette; den eksisterte allereie då romarane kom til øya. Det er funne ei rekkje pre-romerske gjenstandar der, blant anna keramikk frå bronsealderen og brent flint. Mengda funn tyder på at Brentford var ein møtestad for fleire stammar, og at det blei utført ritual der. Eit funn frå jernalderen, ein del frå ei stridsvogn, høyrde til opphavleg samlinga til Thomas Layton og er nå utstilt i Museum of London. Gjenstanden er dekorert med eit keltisk knutemønster kjend som Brentford Knot.

Det har blitt fremma ein teori om at det også var ein kryssingsstad i Themsen ved Brentford, og at det var der Julius Cæsar kryssa elva då han invaderte Britannia. Eit slag mellom Cæsars styrker og catuvellaunerne skal ha stått der, utan at det finst prov som støttar dette. To seinare slag er dokumentert, i 1016 og 1642.