Woolwich

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Woolwich

Marknadsplassen i 1959
Marknadsplassen i 1959
Plassering
Woolwich is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Greenwich
Geografi
Koordinatar 51°30′″N 0°4′″EKoordinatar: 51°30′″N 0°4′″E
Diverse annan informasjon
Postnummer SE18
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Woolwich


Woolwich (blir uttala Woolitch) er ein stad i det søraustlege London, i bydelen Greenwich. Det ligg på sørsida av Themsen, med ein liten eksklave, North Woolwich, som nå er omfordela til bydelen Newham, på nordsida av elva.

Det går ferje over Themsen ved Woolwich, og det er òg ein fotgjengarundergang som gir samband til nordsida.

Staden har ei lang tilknyting til militæret. I 1512 blei marineverftet Woolwich Dockyard grunnlagt der, i 1671 kom Woolwich Arsenal og i 1741 kom Royal Military Academy. Det er framleis ein militærbase og eit militært museum i Woolwich.

Fotballklubben Arsenal FC blei grunnlagt i Woolwich i 1886 av arbeidarane ved det militære arsenalet. Den heitte opphavleg Dial Square, blei så Woolwich Arsenal og ein gong etter 1891 berre Arsenal. Klubben flytta til Highbury i det nordlege London i 1913.

University of Greenwich blei grunnlagt i 1892 som Woolwich Polytechnic. Det skifta namn til Thames Polytechnic i 1970, og fekk universitetsstatus i 1992.

I 1974 blei McDonald's sin første restaurant i Storbritannia opna i Woolwich.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]