Ilmenitt
| Ilmenitt | |
Ilmenitt frå Miask i Ilmen, Tsjeljabinsk oblast i Ural i Russland. 4,5 x 4,3 x 1,5 cm |
|
| Generelt | |
|---|---|
| Kategori | oksydmineral |
| Kjemisk formel | jerntitanoksid, FeTiO3 |
| Strunz-klassifisering | 04.CB.05 |
| Dana-klassifisering | 04.03.05.01 |
| Identifikasjon | |
| Farge | Jern-svart; grå med ein brunaktig farge i reflektert lys |
| Krystallform (habit) | Kornet til massiv og lamelforma avblanding i hematitt eller magnetitt |
| Krystallsystem | Trigonal romboedrisk 3 |
| Tvilling | {0001} enkel, {1011} lamelforma |
| Kløyv | Ingen; deling på {0001} og {1011} |
| Brot | muslig til undermuslig |
| Mohs hardleiksskala | 5–6 |
| Strekfarge | Svart |
| Transparens | Ugjennomsiktig |
| Spesifikk vekt | 4.70–4.79 |
| Optiske eigenskapar | |
| Optiske eigenskapar | Einaksa (–) |
| Dobbeltbryting | Sterk; O = bleikraud brun, E = mørk brun |
| Andre eigenskapar | svakt magnetisk |
| Kjelder | [1][2] |
Ilmenitt FeTiO3 (titanjernstein) er eit mineral som ofte dannar metalliske, svarte korn i mange magmatiske bergartar. Det har same type struktur som hematitt, og desse har liknande utsjånad, men har svart strek. Mineralet er eit jern-titan-oksid. Dei analoge magnesium- og mangansambindingane er geikielitt MgTiO3 og pyrofanitt MnTiO3
Mineralet er vanleg og finst aksessorisk i mange forskjellige bergart. Noreg har dei største ilmenittreservane i Europa og er den største produsenten i verda i lag med Australia. Titania A/S bryt seks millionar tonn ilmenitt årleg i Egersundfeltet på Hauge i Dalane. Malmen vert vidareforedla til titanoksid ved Kronos Titan i Fredrikstad. I Odda kommune vart det oppretta eit ilmenittsmelteverk i Tyssedal etter eit stortingsvedtak i 1983. Drifta starta i 1986 og i 1988 vart verket overteke av Tinfos Jernverk.
Ilmenitt på månen [endre]
Ilmenitt er funne i månesteinar, og i 2005 brukte NASA Hubble Space Telescope for å lokalisere potensielt ilmenitt-rike lokasjonar. Mineralet vil kunne vere viktig for ein eventuell månebase fordi ilmenitt ville vere ei kjelde for jarn og titan for bygging av konstruksjonar og essensiell oksygenekstraksjon.
Kjelder [endre]
- Delar av denne artikkelen bygger på «Ilmenitt» frå Wikipedia på bokmål, den 22. desember 2010.
- Store norske leksikon, snl.no, «Ilmenitt»
- ↑ http://webmineral.com/data/Ilmenite.shtml Webmineral data
- ↑ http://rruff.geo.arizona.edu/doclib/hom/ilmenite.pdf Mineral Handbook
|
|
|||||
|---|---|---|---|---|---|
| Oksidmineral |
|
||||
| Silikatmineral | Aenigmatitt • Keilhauitt • Lorenzenitt • Melanitt • Nenadkevichitt • Titanitt • Zircophyllitt | ||||
| Andre | Sabinaitt (karbonatmineral) • Warwickitt (boratmineral) | ||||