Ismailittar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Islam
Mosque02.svg
Dei fem søylene
sjahádah (trusvedkjenning)
salah (bøn)
zakát (almisser)
ramadán (fastemånaden)
hadj (valfart til Mekka)
Heilage stader
MekkaMedinaAl-Quds (Jerusalem)NajafKarbala
Sakralbygg
moskéminaretmihrabqiblaKaba
Sentrale personar
Muhammed

AliAisjaFølgjesveinene til MuhammedAndre profetar i islam

Geistlege
muaddhinimammullahayatollahmufti
Merkedagar
Hidjraid ul-fitrid ul-adhaasjuraarba'ín
Skrifter og lover
KoranenhadíthSunna
surafiqhfatwasjariahisba
Andre omgrep i islam
jihad
Sunniskular
Madhhab: hanafihanbali
jafarimalikishafi'i
Kalam: asharijabriyya
maturidimurdjitimutazili
qadariyya
Sjiaskular
ithna ashariaismailiyah
zaiddiyahalawialevi
Haridjisme
sufriazraqiibadi
Andre sentrale rørsler
sufismewahhabisme
salafismeliberal islam
Messiansk islam
ahmadiyyazikrisme
Andre greiner
Nation of Islam5%-nasjonen
druzisme
Nærskylde religionar
babismebahá'í
yezidismesikhisme
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Ismailittane (urdu اسماعیلی Ismāʿīlī, arabisk الإسماعيليون al-Ismāʿīliyyūn; persisk اسماعیلیان Esmāʿīliyān) اسماعیلیان Esmâ'iliyân) er ei grein av islam og den nest største sjia-retninga, etter imamittane («tolvarsekta») som er dominerande i Iran. Ismailittane finst hovudsakleg på det indiske subkontinentet, Syria, Saudi-Arabia, Jemen, Kina, Tadsjikistan og Aust-Afrika men har i dei seinare åra utbreidd seg til Europa og Nord-Amerika.

Ismailittane og imamittane aksepterer begge dei første imamane frå etterkomarane til Muhammed gjennom dottera hans Fatima og deler derfor mykje av den tidlege historia si. Men ei usemje i etterfølgjinga av den sjette imamen, Ja'far as-Sadiq dukka opp. Ismailittane vart dei som aksepterte den eldste sonen til Ja'far, Ismail som den neste imamen, medan imamittane aksepterte ein yngre son, Musa al-Kazim.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I år 910 tok ismailitten ˤAbdullāh al-Mahdī Billa frå Tunis makta i Egypt, og etablerte Fatimide-kalifatet, som snart fekk makta i store delar av Nord-Afrika og Midtausten. Dette er det einaste tilfellet der kalifatet har vore på sjiittiske hender. Fatimidane grunnla i år 972 byen Kairo, og gjorde han til hovudstad i riket sitt. Handel og kultur blømde under fatimidane som utøvde ein tolerant styreform. Dynastiet bestod frå 910 til 1171, då dei tapte for den sunnimuslimske generalen Saladin.

Usemje som arvefølgja førte til at ismailiane rundt år 1000 vart splitta i to hovudretningar: Nizari og Mustaili. Den viktigaste av desse er idag Nizari-islam. Ei mindre gruppe utvikla seg i Libanon og Syria til drusarar, som idag vert rekna som ein sjølvstendig religion

Tilhengjarar av Nizari oppretta ei rekkje festningslandsbyer i Iran og Syria, og vart under krosstoga kjent under namnet assassinarar. Under leiaren sin Hassan-i-Sabah gjennomførte assassinarane fleire oppsiktsvekkande attentat mot ulike herskarar som kjempa mot dei. Ordet assassinar har derfor fått tydinga «snikmordar».

Riket til nizariane i Iran vart knust av den mongolske hærføraren Hülegü Khan i 1256. Ismailiane vart deretter ein liten og ofte hardt forfølgd minoritet i den muslimske verden, og mange av dei flytta til Sentral-Asia. I 1840 flykta den 46. imamen til nizariane, Aqa Hasan Ali Shah, frå Iran til India, etter eit mislukka statskupp. I 1848 slo han seg ned i Bombay (Mumbai). Under namnet Aga Khan vann han etterkvart tilslutning frå ismailittiske samfunn verda rundt. Etterkomaren hans, prins Karim Aga Khan vert i dag rekna som levande 49. imamen, Hazar Imam, av dei fleste ismailittane.

Imamane[endre | endre wikiteksten]

Dette er den ismailittiske rekkja med imamar[1]:

1. ʿAlī ibn Abī Ṭālib ألإمام علي إبن ابي طالب

2. al-Ḥussayn ibn ʿAlī ibn Abī Ṭālib ألإمام الحسین إبن علي إبن ابي طالب

3. ʿAlī Zayn al-ʿĀbidīn ألإمام علي زین العابدین

4. Muḥammad al-Bāqir ألإمام محمد الباقر

5. Jaʿfar aṣ-Ṣādiq ألإمام جعفر الصادق

6. Ismāʿīl ibn Jaʿfar ألإمام إسماعیل إبن جعفر

7. Muḥammad ibn Ismāʿīl ألإمام محمد إبن إسماعیل

8. ʿAbdullāh ألإمام عبد الله (ifølge Daftari) / Wafī Aḥmad ألإمام وفي أحمد (ifølge den offisielle nizarilista)

9. Aḥmad ألإمام أحمد (ifølge Daftari) / Taqī Muḥammad ألإمام تقي محمد (ifølge den offisielle nizarilista)

10. al-Ḥussayn ألإمام الحسين (ifølge Daftari) / Raḍiyu-d-Dīn ʿAbdullāh ألإمام رضي الدين عبد الله (ifølge den offisielle nizarilista)

11. 1. Fāṭimide kaliff-imam ʿUbaydullāh al-Mahdī billāh ألإمام عٌبَيد الله المهدي بالله

12. 2. Fāṭimide kaliff-imam Muḥammad al-Qāʾim bi-ʾAmrillāh ألإمام محمد القائم بأمر الله

13. 3. Fāṭimide kaliff-imam Ismāʿīl al-Manṣūr ألإمام إسماعيل المنصور

14. 4. Fāṭimide kaliff-imam Maʿād al-Muʿizz li-Dīnillāh ألإمام مَعَاد المُعِزّ لدين الله

15. 5. Fāṭimide kaliff-imam Abū Manṣūr Nizār al-ʿAzīz billāh ألإمام أبو منصور نزار العزيز بالله

16. 6. Fāṭimide kaliff-imam Al-Ḥakīm bi-Amrillāh ألإمام الحكيم بأمر الله (Opphav til religionen til drusarane)

17. 7. Fāṭimide kaliff-imamʿAlī az-Zāhir li-Iʿzāz Dīnillāh ألإمام علي الظاهر لإعزاز دين الله

18. 8. Fāṭimide kaliff-imam Al-Mustanṣir billāh ألإمام المستنصر بالله


Nizārī-imāmar:

19. Nizār ibn al-Mustanṣir billāh ألإمام نزار إبن المستنصر بالله

20. Al-Hādī ألإمام الهادي

21. Al-Muhtadī ألإمام المهتدي

22. Al-Qāhir ألإمام القاهر

23. al-Ḥassan II ʿalā dhikrihi-s-salām ألإمام الحسن الثاني على ذكره السلام

24. Nūru-d-Dīn Muḥammad II ألإمام نور الدين محمد الثاني

25. Jalālu-d-Dīn Ḥassan III ألإمام جلال الدين حسن الثالث

26. ʿAlāʾu-d-Dīn Muḥammad III ألإمام على الدين محمد الثالث

27. Ruknu-d-Dīn Khurshāh ألإمام ركن الدين خرشاه

28. Shamsu-d-Dīn Muḥammad ألإمام شمس الدين محمد

29. Qāsim Shāh ألإمام قاسم شاه

30. Islām Shāh ألإمام إسلام شاه

31. Muḥammad ibn Islām Shāh ألإمام محمد إبن إسلام شاه

32. Mustanṣir billāh II ألإمام مستنصر بالله الثاني

33. ʿAbdu-s-Salām Shāh ألإمام عبد السلام شاه

34. Gharīb Mīrzā / Mustanṣir billāh III ألإمام غريب ميرزا \ مستنصر باالله الثالث

35. Abū Dharr ʿAlī Nūru-d-Dīn ألإمام أبو ذرّ علي نور الدّين

36. Murād Mīrzā ألإمام مراد ميرزا

37. Dhu-l-Fiqār ʿAlī Khalīlullāh I ألإمام ذو الفقار علي خليل الله الأول

38. Nūru-d-Dahr (Nūru-d-Dīn) ʿAlī ألإمام نور الدهر (نور الدين) علي

39. Khalīlullāh II ʿAlī ألإمام خليل الله الثاني علي

40. Shāh Nizār II ألإمام شاه نزار الثاني

41. Sayyid ʿAlī ألإمام سيد علي

42. Ḥassan ʿAlī ألإمام حسن علي

43. Qāsim ʿAlī (Sayyid Jaʿfar) ألإمام قاسم علي \ سيد جعفر

44. Abu-l-Ḥassan ʿAlī (Bāqir Shāh) ألإمام أبو الحسن علي \ باقر شاه

45. Shāh Khalīlullāh III ألإمام شاه خليل الله الثالث

46. Ḥassan ʿAlī Shāh Āghā Khān I ألإمام حسن علي شاه آغا خان الأول

47. Āqā ʿAlī Shāh Āghā Khān II ألإمام آقا علي شاه آغا خان الثاني (Shāh ʿAlī Shāh ألإمام شاه علي شاه ifølge den offisielle Nizārī-lista)

48. Sulṭān Muḥammad Shāh Āghā Khān III ألإمام سلطان محمد شاه آغا خان الثالث

49. Hans Høyhet Shāh Karīmu-l-Ḥussaynī Āghā Khān IV سمو ألإمام شاه كريم الحسيني آغا خان الرابع


Mustaʿlī-imāmar:

19. 9th Fāṭimide kaliff-imam Aḥmad al-Mustaʿlī ألإمام أحمد المستعلي

20. 10th Fāṭimide kaliff-imam Al-Āmir bi-Aḥkāmillāh ألإمام الآمر بأحكام الله (Ḥāfizī-skisma)

21. Aṭ-Ṭayyib Abī-l-Qāsim ألإمام الطيب أبي القاسم (skjult)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Farhad Daftary. The Ismāʿīlīs: Their history and doctrines. Cambridge, England: Cambridge University Press, 1990, s. 551-553.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]