AC/DC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
AC/DC
AngusYoung1.JPG
Gitaristen Angus Young i 2001
Opphav Australia
Sjanger Hardrock
Bluesrock
Rock 'n' roll
Aktive år 1973 -
Plateselskap Albert, Atlantic, ATCO, Elektra, Eastwest, EMI, Epic Records
Nettside www.acdc.com
Medlemmer
Angus Young
Malcolm Young
Cliff Williams
Brian Johnson
Phil Rudd
Tidlegare medlemmer
Bon Scott
Simon Wright
Chris Slade
Mark Evans
Dave Evans

AC/DC er ei hardrock-gruppe frå Sydney i Australia. Gruppa vart stifta i i desember 1973 av brørne Angus og Malcolm Young. Sjølv om bandet vert rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal,[1][2] har medlemmene alltid klassifisert sin eigen musikk som «rock 'n' roll».[3]

Fleire musikarar var innom AC/DC før dei gav ut det første albumet sitt, High Voltage i 1975. I 1977 vart bassisten Cliff Williams erstatta av Mark Evans. I 1979 gav bandet ut det svært populære albumet Highway to Hell. Vokalist og medlåtskrivar Bon Scott døydde 19. februar 1980 i tung alkoholrus. Bandet vurderte å gje seg etter dette, men Brian Johnson, tidlegare frå Geordie tok over. Seinare same året gav dei ut sitt bestseljande album, Back in Black.

Det neste albumet deira For Those About to Rock We Salute You, vart òg særs populært og det første albumet deira som nådde toppen av salslistene i USA. AC/DC vart så gradvis mindre populære etter at trommeslagar Phil Rudd forlet bandet i 1983. Dårlege salstal prega dei neste albuma fram til The Razors Edge kom i 1990. Phil Rudd kom tilbake til bandet i 1994 og medverka på albumet Ballbreaker i 1995. Stiff Upper Lip vart gjeve ut i 2000 og fekk god kritikk.

AC/DC har seld meir enn 200 millionar album i heile verda,[4] inkludert 69 millionar album berre i USA.[5] Det er seld om lag 42 millionar eksemplar av Back in Black i verda[6] og med 22 millionar selde eksemplar berre i USA,[7] er albumet det femte besteseljande albumet nokon gong her. AC/DC vart plassert på fjerdeplass på VH1 si liste over «100 største hardrock-artistar»[8]. I 2004 vart bandet plassert som nummer 72 av dei 100 største artistane gjennom tidene av musikkmagasinet Rolling Stone.

Dagens medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Album[endre | endre wikiteksten]

Video[endre | endre wikiteksten]

  • Let There Be Rock (1980)
  • Fly On The Wall (1985)
  • Who Made Who (1986)
  • Clipped (1991)
  • Live At Donington (1991)
  • For Those About To Rock We Salute You (1993)
  • No Bull (1996)
  • Stiff Upper Lip Live (2001)
  • Toronto Rocks (2004)
  • Family Jewels (2005)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: AC/DC

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. "AC/DC". Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite (2008). (24. september 2007). Ed. Dale Hoiberg. ISBN 1-59339-292-3. 
  2. "heavy metal". Encyclopædia Britannica Ultimate Reference Suite (2008). (24. september 2007). Ed. Dale Hoiberg. ISBN 1-59339-292-3. 
  3. Murray Engleheart (1997) AC/DC - Bonfire – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
  4. Back to roots for AC/DC. Sydney Morning Herald. Vitja 3. september 2008.
  5. Top Selling Artists. Recording Industry Association of America. Vitja 3. september 2008.
  6. Record Breakers and Trivia: Albums. EveryHit. Vitja 3. september 2008.
  7. Top 100 Albums. Recording Industry Association of America. Vitja 3. september 2008.
  8. 100 Greatest artists of hard rock. VH1. Vitja 3. september 2008.