Jordskokk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Jordskokk


Systematikk
Rike: Plantae
Klasse: Eudicotyledonae
Orden: Asterales
Familie: Asteraceae
Slekt: Helianthus
Art: H. tuberosus
Vitskapleg namn
Helianthus tuberosus

Jordskokk (lat. Helianthus tuberosus) er ein fleirårig urt i korgplantefamilien. Planta kjem frå nordamerika og blir dyrka for rotknollane.

Planta blir svært høg. (Foto: Kjetil Lenes)

Knollane er ujamne og liknar litt på store ingefærrøter. I motsetnad til dei fleste andre knollar inneheld dei ikkje karbohydratet stive, men inulin (må ikkje forvekslast med insulin). Difor er jordskokk ei viktig kjelde for industriell framstelling av fruktose. Det gjer òg at dei lett blir til mos ved koking og at nokre lett får tarmgass av dei.

[endre] Historie

Jordskokken blei dyrka av urfolk i nordamerika. Europearane oppdaga han då den franske oppdagaren Samuel de Champlain fann dyrka jordskokk ved Cape Cod i 1605.

[endre] Dyrking

Jordskokk-knollar

Jordskokken er lett å dyrke. Til skilnad frå poteter tålar han å overvintre ute. Den enklaste måten å dyrke han på er å spa opp åkeren kvar haust og samle inn det som finst av større røter. Neste år vil det spire av dei bitane som var att i åkeren. Jordskokken gjev rikeleg med næringsrike knollar og treng mykje gjødsel. Den har også godt av å bytte voksestad med jamne mellomrom.

Jordskokken spreier seg både med knollar og frø. Knollformering er sikrast, men den sjøvsår seg også relativt ofte.

[endre] Bakgrunnsstoff og kjelder

Personlege verktøy
Opprett ei bok