Keith Reid
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Keith Reid | |
| Verkeleg namn | Keith Stuart Brian Reid |
| Fødd | 19. oktober 1946 (66 år), Welwyn Garden City i Hertfordshire i England |
| Sjanger | Psykedelisk rock, progressiv rock |
| Aktive år | 1967 til i dag |
| Yrke | Tekstforfattar, låtskrivar |
| Tilknytte artistar | Procol Harum |
Keith Reid (fødd Keith Stuart Brian Reid, 19. oktober 1946) er ein engelsk låtskrivar som har skrive tekstane til alle songane Procol Harum skreiv og spelte inn. I mange år har han budd i USA.
Sjølv om han ikkje song eller spelte instrument for bandet, vart Reid rekna som ein særs viktig del av den langvarige suksessen til bandet i lag med vokalist og låtskrivar Gary Brooker. I lag skreiv dei nesten alle songane til bandet.
Han skreiv òg tekst for debutalbumet til den franske songaren Michel Polnareff i 1966. Reid sette sidan opp sitt eige managementfirma, Full House, arbeidde på eit skodespel og flytta til Manhattan i 1986. Han var òg medlåtskrivar på John Farnham-songen «You're the Voice», som kom i 1986.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Keith Reid» frå Wikipedia på engelsk, den 12. mai 2012.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: