Grand Hotel av Procol Harum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Grand Hotel
Studioalbum av Procol Harum
Utgjeve mars 1973
Sjanger Progressiv rock
Lengd 41:09
Selskap Chrysalis
Produsent Chris Thomas
Kritikk
Procol Harum-kronologi
Procol Harum Live with the Edmonton Symphony Orchestra
(1972)
Grand Hotel Exotic Birds and Fruit
(1974)

Grand Hotel er det sjette studioalbumet til Procol Harum. Det kom ut i 1973 og signaliserte ei retningsendring for bandet. Gitaristen Dave Ball som kom med i bandet for konsertalbumet deira året før, forlet bandet kort tid etter biletet til plateomslaget vart teke, så biletet av han vart erstatta av eit bilete av Mick Grabham klistra oppå Ball. Sjølv om bandet dei siste åra hadde hatt mange utskiftingar, gjekk bandet inn i ein meir stabil periode.

Albumet nådde 21. plass i USA.

Singelen «A Souvenir of London» vart bannlyst av BBC på grunn av referansen til kjønnssjukdomar.

Douglas Adams kom på ideen til The Restaurant at the End of the Universe då han lytta til tittelsporet.[3]


Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Gary Brooker og Keith Reid. 

# Tittel Lengd
1. «Grand Hotel»   6:10
2. «Toujours l'amour»   3:31
3. «A Rum Tale»   3:20
4. «TV Caesar»   5:52
5. «A Souvenir of London»   3:23
6. «Bringing Home the Bacon»   4:21
7. «For Liquorice John»   4:27
8. «Fires (Which Burnt Brightly)»   5:10
9. «Robert's Box»   4:45

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Allmusic
  2. Rolling Stone
  3. Adams, Douglas. The Salmon of Doubt.