Robin Trower

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Robin Trower
RobinTrower.jpg
Trower i 2009
Verkeleg namn Robin Leonard Trower
Fødd 9. mars 1945 (69 år), Catford, South East London i England
Instrument Gitar
Sjanger Rock, blues, blues-rock
Aktive år 1962 til i dag
Yrke Musikar, vokalist, låtskrivar, bandleiar
Tilknytte artistar Procol Harum, The Paramounts, Jack Bruce
Plateselskap Chrysalis, Atlantic
Nettstad www.trowerpower.com
Kjende instrument
Signature Model Stratocaster

Robin Leonard Trower (fødd 9. mars 1945) er ein engelsk gitarist og vokalist som vart kjend med Procol Harum i 1960-åra og sidan som bandleiar i sin eigen powertrio.

I 1962 danna Trower gruppa som vart The Paramounts, som etter kvart fleire framtidige medlemmar i Procol Harum spelte i. The Paramounts vart oppløyst i 1966. Trower vart med i Procol Harum etter den store suksessen deira med singelen «A Whiter Shade of Pale» i 1967 og vart verande i bandet på fem album fram til 1971.

Før han starta sitt eige band, vart han med songar Frankie Miller, bassist James Dewar og tidlegare Jethro Tull-trommis Clive Bunker i det kortvarige bandet Jude.[1]

Med seg i sitt eige band beheldt Trower Dewar som bassist og tok med seg trommeslagar Reg Isidore (seinare erstatta av Bill Lordan).

Trower var ein gitarist som inspirerte andre gitarheltar som Robert Fripp[2]

Tidleg i 1980-åra slo Trower seg saman med tidlegare Cream-bassist Jack Bruce og dei tidlegare trommeslagarane sine Lordan og Isidore, for to album, BLT (Bruce, Lordan, Trower) og Truce (Trower, Bruce, Isidore).[3]

Tretten album seinare kom albumet Living Out of Time (2003), med Dave Bronze på bass, vokalist Davey Pattison (tidlegare med Ronnie Montrose sitt band Gamma) og Pete Thompson å trommer.

I 2007 spelte Trower inn eit tredje album med Jack Bruce, Seven Moons, med Gary Husband på trommer.

Han held framleis på med turnelivet.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Med Procol Harum[endre | endre wikiteksten]

Med Robin Trower Band[endre | endre wikiteksten]

Med Bryan Ferry[endre | endre wikiteksten]

Med Jack Bruce[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Tobler, John (1992). NME Rock 'N' Roll Years (1st ed.). London: Reed International Books Ltd. s. 233. CN 5585. 
  2. «Fripp on Trower». Procolharum.com. 1996-11-19. http://www.procolharum.com/99/rt_fripp.htm. Henta 12. mai 2012. 
  3. 3,0 3,1 Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 776–777. ISBN 1-84195-017-3. 
  4. «Recording Industry Association of America». RIAA. http://www.riaa.org/goldandplatinumdata.php?table=SEARCH. Henta 12. mai 2012. 
  5. Strong, Martin C. (2000). The Great Rock Diskografi (5th ed.). Edinburgh: Mojo Books. ss. 1005–1006. ISBN 1-84195-017-3. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Robin Trower