Peter Solley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Peter «Pete» Solley (fødd 19. oktober 1948 i London) er ein organist, pianist og ein Grammy-nominert plateprodusent. Han har spelt inn musikk med Eric Clapton, Al Stewart og Whitesnake samt produsert plater for Ted Nugent, Oingo Boingo, Motörhead, The Romantics, Peter Frampton, The Sports, Wreckless Eric og mange andre.

I 1960-åra spelte han i The Thunderbirds, gruppa til vokalisten Chris Farlowe, og i bandet til songaren Terry Reid.

Kring 1970 starta Solley det britiske progrockbandet Paladin. Etter at dette bandet vart oppløyst i 1973, slo bassist Peter Beckett seg saman med Steve Kipner og Steve Groves i popbandet Tin Tin.

Etter å ha avslått medlemskap i fleire grupper,[1] vart Solley i 1977 he medlem av Procol Harum der han spelte synthesiser (slik at Chris Copping kunne ta over på bassgitar). Han var med på eitt album med bandet, Something Magic, og den lange turneen etter. Bandet vart kort tid etter dette oppløyst.

I 1980-åra byrja Solley å skrive TV-jinglar for klientar som British Airways, BMW og Coca Cola, og han vart plateprodusent. Mellom anna produserte han hitalbuma for dei australske banda Sports (Don't Throw Stones) og Jo Jo Zep & The Falcons (Screaming Targets, Hats Off Step Lively). Det mest kjende produksjonsverket hans er singelen «What I Like About You» av The Romantics. Han produserte òg det Grammy-nominerte albumet 1916 av Motörhead.

I 1997 vart han ei kort stund gjenforeint med Procol Harum for ein konsert i Redhill og i 2004 spelte han med frontmannen deira Gary Brooker på ein konsert i Guildford.

Solley har besteforeldre frå Romania.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 ProcolHarum.com

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]