Hægebostad kommune
| Hægebostad kommune | |
|---|---|
| Komm.nr. | 1034 |
| Fylke | Vest-Agder |
| Adm.senter | Tingvatn |
| Areal | 460 km² |
| Folkemengd | 1 661 (1. jan 2012) |
| Politikk | |
| Ordførar (2007) | John Fidjeland (KrF) |
| Målform | Nynorsk |
| Nettstad | www.haegebostad.kommune.no |
| Folketalsutvikling 1951-2010[1] | |
| Hægebostad kommune på Commons | |
Hægebostad er ein innlandskommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Kvinesdal i vest og nord, Åseral og Audnedal i aust og Lyngdal i sør.
Hægebostad har om lag 1.600 innbyggjarar. I tillegg er det kring 800 hytter i kommunen.
Elva Lygna som er varig verna mot kraftutbygging renn frå nord til sør i kommunen. Elva og vatnet Lygne har som følgje av kalking godt fiske. Alt i alt er det 988 små og store vatn i kommunen.
Kommunen har eit rikt dyreliv med elg, bever, rådyr, hare, rype, ørn og gaupe. Nord i kommunen er det beiteområde for den sørlegaste villreinstamma i landet.
Riksveg 42 kryssar kommunen i retning aust-vest, og Riksveg 43 som går sørover gjev samband til Europaveg 39. Sørlandsbanen har stoppestad i Hægebostad på Snartemo stasjon. Stasjonen ligg midt mellom to av de lengste jernbanetunnelane i Noreg, Kvinesheitunnelen og Hægebostadtunnelen.
Meteorologisk institutt, Avinor og Statens vegvesen driv i samarbeid ein stor vérradar på Staksteinliknuten (631 moh.) i Hægebostad. Radaren stod ferdig i 2000 og dekkjer sørlege delar av Noreg og dei nære havområda utanfor.
Hægebostad kommune av i dag omfattar dei tidlegare kommunane Hægebostad og Eiken. Dei vart slegne saman i 1963. Dei to kommunane utgjorde ein kommune òg frå 1837 til 1915. Frå 1916 til 1962 var Hægebostad og Eiken sjølvstendige kommunar.
Bakgrunnsstoff [endre]
Fotnotar [endre]
| Kommunar i Vest-Agder | ||
|---|---|---|
| Audnedal · Farsund · Flekkefjord · Hægebostad · Kristiansand · Kvinesdal · Lindesnes · Lyngdal · Mandal · Marnardal · Sirdal · Songdalen · Søgne · Vennesla · Åseral | ||