Lappsongar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lappsongar

Status i verda: LC Livskraftig

Lappsongar i TaipeiFoto: Wikimedia-brukar Alnus
Lappsongar i Taipei
Foto: Wikimedia-brukar Alnus

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Phylloscopidae
Slekt: Phylloscopus
Art: P. borealis
Vitskapleg namn
Phylloscopus borealis
Blasius, 1858

Lappsongar, Phylloscopus borealis, er ein bladsongar med habitat i bjørkeskog eller blandaskog med bjørk i nærleiken av vatn gjennom heile hekkeområdet i Fennoskandia og det nordlege Asia. Han har òg etablert eit fotfeste i Nord-Amerika og hekkar i Alaska. Denne songaraen er ein sterkt trekkfugl, heile populasjonen overvintrar i søraustlege Asia. Han har derfor ei av dei lengste trekkruter av alle insektetande songarar med vinterkvarter i «den gamle verda».

Arten har tradisjonelt inkludert populasjonar som hekkar på Kamtsjatkahalvøya, Kurilane og Japan, men genetiske og vokale prov tyder på desse bør handsamast som separate artar, med P. examinandus i Kamchatka, Hokkaido og Kurilane, og P. xanthodryas i Japan, unntatt frå Hokkaido.[1] I Clementslista august 2011 har dei status som underartar saman med fire andre underartar.[2]

Reiret ligg på bakken i låg krattskog. Som dei fleste songarar, er denne vesle sporvefuglen insektetar.

Dette er ein typisk bladsongar i utsjånad, grågrøn overside og lys underside. Lappsongaren har storleik som ein lauvsongar med ei lengd på 11,5 til 13 centimeter. Han har eit lyst vengband og det skil han frå dei fleste liknande artar, unntatt austsongar, Phylloscopus trochiloides. Men lappsongaren er 2 til 3 cm lengre enn austsongaren og har eit tyngre, dolkliknande nebb, og nebbet har ein mørk spiss på både over og underside. Songen er ei rask trille.

Arten lappsongar finst som streiffugl om hausten i Vest-Europa og er årleg i Storbritannia. Han er ein sjeldan hekkefugl i Finnmark.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alström, P., Ssaitoh, T., Williams, D., Nishiumi, I., Shigeta, Y., Ueda, K., Irestedt, M., Björklund, M., and Olson, U. (2011). The Arctic Warbler Phylloscopus borealis– three anciently separated cryptic species revealed. Ibis 153(2): 395–410
  2. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 9. oktober 2011 
  3. Fonstad, Tore; Benny Génsbøl, Morten Günther, Jens Frimer Andersen, Bjarne Bertel (2008). Aschehougs fuglebok med CD-er. Oslo: Aschehoug. ISBN 978-82-03-23569-6. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lappsongar