Please Please Me
| Please Please Me Studioalbum av The Beatles |
||
| Utgjeve | 22. mars 1963(mono) 26. april 1963 (stereo) |
|
| Innspelt | Abbey Road 11. september 1962, 26. november 1962 og 11. februar 1963 |
|
| Sjanger | Rock and roll, Merseybeat, pop | |
| Lengd | 32:45 | |
| Selskap | Parlophone PMC 1202 (mono) PCS 3042 (stereo) CDP 7 46435 2 |
|
| Produsent | George Martin | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Beatles-kronologi | ||
| - | Please Please Me | With The Beatles (1963) |
Please Please Me er det fyrste albumet The Beatles laga. Det vart gjeve ut 22. mars 1963 for å utnytte suksessen til singelen «Please Please Me» (andreplass) [1] og «Love Me Do» (17. plass). Av dei fjorten songane på albumet vart åtte av dei skrive av Lennon/McCartney, og bandet vart eit av dei første som skreiv sine eigne songar og spelte sine eigne instrument.[2] I 2003 plasserte magasinet Rolling Stone albumet på 39. plass på lista deira over dei 500 største albuma gjennom tidene.[3] På same lista vart det plassert først av dei tidlege Beatles-albuma, men berre på sjetteplass bak dei andre Beatles-albuma Sgt. Pepper’s Lonely Hearts Club Band, Revolver, Rubber Soul, The Beatles (The White Album) og Abbey Road.
Rolling Stone hadde òg to songar frå albumet på lista deira over 500 største songane gjennom tidene med «I Saw Her Standing There» på 139. plass og «Please Please Me» på 189. plass.
I USA vart mange av songane på Please Please Me først gjeve ut på Vee-Jay Records som Introducing The Beatles i 1964, og seinare på Capitol Records som The Early Beatles i 1965. Den opphavlege utgåva av Please Please Me vart først gjeve ut i USA då Beatles-katalogen hamna på CD i 1987.
Innhaldsliste |
Historie[endre]
For at albumet skulle ha fjorten songar, som var standard for album i Storbritannia i 1963 med sju songar på kvar side, måtte bandet spele inn ti songar til i tillegg til dei fire som hadde vorte gjeve ut på singel. 11. februar 1963 starta dermed innspelinga i Abbey Road Studios med George Martin som produsent. Innspelinga denne dagen varte 9 timar og 45 minutt.[4] Mykje av denne innspelinga vart gjort live i studio og dei skapte det autentiske lydbilete dei hadde hatt på Cavern Club med få spor lagt oppå i ettertid.[5] George Martin hadde opphavleg tenkt å spele inn Please Please Me live føre publikum i the Cavern[6][7] og vitja klubben i Liverpool for å oppleve Beatles-fenomenet på eiga hand.[8][9] Men på grunn av dårleg tid valde han å reservere tid i Abbey Road Studios i staden for å spele dei inn live der i staden.
Dagen enda med ein coverversjon av «Twist and Shout», som vart spelt inn til slutt fordi John Lennon var kraftig forkjølt og Martin frykta at vokalen på denne songen kom til å øydeleggje stemma til Lennon for resten av dagen. Songen vart spelt inn på første forsøk og Martin sa «Eg veit ikkje korleis dei gjer det. Vi har spelt inn i heile dag, men jo lenger dei held på, jo betre vert dei.»[5]
Songen «Hold Me Tight» vart spelt inn for albumet, men sidan dei hadde for mange songar vart han ikkje med på albumet.[5] «Hold Me Tight» vart spelt inn på ny 12. september 1963 for albumet With the Beatles.[10]
Martin ønskte først å kalle albumet Off the Beatle Track før Please Please Me vart gjeve ut som Parlophone PCS 3042.[11]
Please Please Me vart spelt inn på ein tosporsopptakar med dei fleste instrumenta på eine sporet og vokalen på det andre, slik at ein fekk betre balanse mellom dei to når dei miksa ned tapen i mono.[12] Ein stereo-miks vart gjort seinare med eine sporet i venstrekanalen og det andre sporet i høgrekanalen.
Please Please Me vart offisielt gjeve ut på CD 26. februar 1987, i lag med tre andre Beatles-album.
Innhald[endre]
Alle songar er skrivne av McCartney/Lennon, bortsett frå der andre er nemnde.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «I Saw Her Standing There» | 2:55 | |||||||
| 2. | «Misery» | 1:50 | |||||||
| 3. | «Anna (Go to Him)» (Arthur Alexander) | 2:57 | |||||||
| 4. | «Chains» (Gerry Goffin, Carole King) | 2:26 | |||||||
| 5. | «Boys» (Luther Dixon, Wes Farrell) | 2:27 | |||||||
| 6. | «Ask Me Why» | 2:27 | |||||||
| 7. | «Please Please Me» | 2:03 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 8. | «Love Me Do» | 2:22 | |||||||
| 9. | «P.S. I Love You» | 2:05 | |||||||
| 10. | «Baby It’s You» (Mack David, Barney Williams, Burt Bacharach) | 2:38 | |||||||
| 11. | «Do You Want to Know a Secret» | 1:59 | |||||||
| 12. | «A Taste of Honey» (Bobby Scott, Ric Marlow) | 2:05 | |||||||
| 13. | «There’s a Place» | 1:52 | |||||||
| 14. | «Twist and Shout» (Phil Medley, Bert Russell) | 2:33 | |||||||
Medverkande[13][endre]
- John Lennon – Vokal, rytme- og akustisk gitar, munnspel, klapping.
- Paul McCartney – Vokal, bass og klapping.
- George Harrison – Korvokal, solo- og akustisk gitar, solovokal på «Chains» og «Do You Want to Know a Secret»; Klapping
- Ringo Starr – Trommer, tamburin, maracas, klapping og solovokal på «Boys».
- George Martin – arrangement, produsent og miksing. Piano på «Misery» og celeste på «Baby It’s You»
- Norman Smith – Lydteknikk og miksing
- Andy White – Trommer på «Love Me Do» og «P.S. I Love You».
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Please Please Me» frå Wikipedia på engelsk, den 28. september 2008.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ MacDonald (1994) Revolution in the Head, s. s. 46 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Rolling Stone's The Beatles Biography. Rolling Stone. Vitja 28. september 2008.
- ↑ The 500 Greatest Albums of All Time. Rolling Stone. Vitja 28. september 2008.
- ↑ Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 24 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ 5,0 5,1 5,2 Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 24–26 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Philip Norman (1993) Shout!, s. s. 169 – Penguin Books, London. ISBN 0-14-017410-9.
- ↑ MacDonald (1994) Revolution in the Head, s. 59 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Chris Salewicz (1986) McCartney - The Biography, s. s. 129 – Queen Anne Press, London. ISBN 0-356-124541-1.
- ↑ Anonym (19??) The Beatles Collectors Limited Edition, s. 36–38 – Q, Maddy Ballantyne, London.
- ↑ Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. s. 36 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 32 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions, s. 28 – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
- ↑ Lewisohn (1988) The Beatles Recording Sessions – utgjevingsstad ikkje oppgjeven.
Bakgrunnsstoff[endre]
|
|
|
|---|---|
| John Lennon · Paul McCartney · George Harrison · Ringo Starr Pete Best · Stuart Sutcliffe |
|
| Britiske studioalbum | Please Please Me · With The Beatles · A Hard Day's Night · Beatles for Sale · Help! · Rubber Soul · Revolver · Sgt. Pepper's Lonely Hearts Club Band · Magical Mystery Tour · The Beatles · Yellow Submarine · Abbey Road · Let It Be |
| Filmar | A Hard Day's Night · Help! · Magical Mystery Tour · Yellow Submarine · Let It Be |
| Tilknytte artiklar | Brian Epstein · George Martin · The Quarrymen · Lennon/McCartney · Den britiske bølgja |