Louis-Joseph de Montcalm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrait of Montcalm.JPG
Montcalm leiar troppane sine i Quebec.

Louis-Joseph de Montcalm-Gozon, Marquis de Saint-Veran (28. februar 171214. september 1759) var kommandant for dei franske styrkane i Nord-Amerika under sjuårskrigen eller den franske og indianske krigen, som krigsskodeplassen i Nord-Amerika vart kalla.

Montcalm vart fødd nær Nîmes i Frankrike i ein adelsfamilie og gjekk tidleg inn i militæret. Han var i teneste under den polske arvefølgjekrigen og den austerrikske arvefølgjekrigen, der han utmerkte seg og vart forfremma til brigadesjef. I 1756 sendte kong Ludcig XV han til Ny-Frankrike og leia forsvaret mot britane under sjuårskrigen. Montcalm oppnådde ein del suksess i 1756 og 1757, men britane mobiliserte store troppar mot Ny-Frankrike i 1758-1759, og det enda med at Montcalm vart slått og mista livet i Quebec og at franskmennene i 1760 mista Ny-Frankrike.

Montcalm var ein kontroversiell person og avgjerslene hans ved Quebec har vorte kritiserte av militærhistorikarar. Han vart mykje minna i Frankrike, Quebec og delar av New York.

Slag han deltok i[endre | endre wikiteksten]

Den polske arvefølgjekrigen[endre | endre wikiteksten]

Den austerrikske arvefølgjekrigen[endre | endre wikiteksten]

Den franske og indianske krigen[endre | endre wikiteksten]

Minnesmerke[endre | endre wikiteksten]

The Victory of Montcalm's Troops at Carillon av Henry Alexander Ogden.

Fire fartøy i den franske marinen har vorte kalla opp etter han opp gjennom åra, den siste ein F70 fregatt frå 1975.

Mange stader og landemerker er kalla opp til ære for Montcalm. Mellom anna:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]