Slaget ved Carillon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 43°50′29″N 73°23′17″W

Slaget ved Carillon
Del av den franske og indianske krigen
The Victory of Montcalms Troops at Carillon by Henry Alexander Ogden.JPG
Sigeren til Montcalms soldatar ved Carillon av Henry Alexander Ogden. Fort Ticonderoga Museum, NY.
Dato 6.-8. juli 1758
Stad Fort Carillon, dagens Ticonderoga i New York
Resultat Avgjerande fransk siger
Partar
Pavillon royal de France.svg Frankrike Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Kommandantar
Louis-Joseph de Montcalm
Chevalier de Levis
James Abercrombie
George Howe 
Styrkar
3600 regulære, militssoldatar og indianarar 6000 regulære
12 000 militssoldatar, kommandosoldatar og indianarar[1]
Tap
100 drepne
500 skadde
150 tekne til fange[2][3]
1000 drepne
1,500 skadde
100 sakna[2]

Slaget ved Carillon vart utkjempa den 8. juli 1758 under den franske og indianske krigen (som var ein del av den globale sjuårskrigen). Det vart utkjempa nær Fort Carillon (i dag kalla Fort Ticonderoga) ved breidda av Lake Champlain i grenseområdet mellom den britiske kolonien New York og den franske kolonien Canada (tilsvarar om lag dagens kanadiske provinsar Quebec og Ontario).

I slaget, som hovudsakleg fann stad på ei høgd om lag 1 km frå sjølve fortet, tok den franske armeen på 4000 mann under general Louis-Joseph de Montcalm og Chevalier de Levis ein avgjerande siger om den langt større styrken til britane under general James Abercrombie, som gjekk til frontalåtak på skyttergravene til franskmennene utan å nytte feltartilleri. Slaget vart det blodigaste i krigen med over 3000 skadde og drepne, over 2000 britar.[4]

Den amerikanske historikaren Lawrence Henry Gipson skreiv om Abercrombie at «aldri har det vore gjort så mange feil under ein militærkampanje på amerikansk jord av dei ansvarlege.»[5] Mange militærhistorikarar har skrive at slaget ved Carillon er eit klassisk døme på taktisk militær inkompetanse.[6] Abercrombie, som var sikker på ein rask siger, ignorerte fleire militære taktikkar han kunne nytta, som flankemanøver der dei kunne ta det franske byrstvernet langs flanken. Han kunne ha venta på artilleriet sitt eller lagt ei omleiring kring franskmennene. I staden for baserte han seg på feilaktige opplysingar frå ein ung militæringeniør og ignorerte samstundes ein del av anbefalingane til ingeniøren. Han valte eit direkte frontalåtak på skyttergravene til franskmennene utan å nytte artilleri. Montcalm var uroa over den svake militære stillinga til fortet sitt, men klarte å forsvare stillinga med høg moral. På grunn av dårleg tid hadde han likevel gjort strategiske feil i førebuinga av forsvaret sitt som ein kompetent angripar kunne ha utnytta og han gjorde sjølv taktiske feil som gjorde jobben til angriparen enklare.

Fortet vart teken av britane året etter og har sidan vorte kalla Fort Ticonderoga (etter plasseringa). Dette slaget gav raskt fortet eit rykte om å vere uinntakeleg og hadde ein effekt på framtidige militære operasjonar i området. Trass i fleire storskala militære rørsler gjennom området, både i den franske og indianske krigen og den amerikanske sjølvstendekrigen, vart dette det einaste store slaget som vart utkjempa nær fortet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]