Slaget ved Beauport

Koordinatar: 46°53′25″N 71°08′50″W / 46.890188°N 71.147268°W / 46.890188; -71.147268
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

46°53′25″N 71°08′50″W / 46.890188°N 71.147268°W / 46.890188; -71.147268

Slaget ved Beauport
Del av Sjuårskrigen
Den franske og indianske krigen

Eit kart frå 1777 som viser dei militære stillingane til franskmennene og britane under omleiringa av Quebec
Dato 31. juli 1759
Stad Beauport, Canada i Ny-Frankrike
Resultat Fransk siger
Partar
 Storbritannia  Frankrike
Kommandantar
James Wolfe Louis-Joseph de Montcalm
Styrkar
4000 regulære ~10 000 regulære og militssoldatar
Tap
210 drepne
233 skadde[1]
60 døde eller skadde[2]
Den franske og indianske krigen
Jumonville GlenFort NecessityFort BeauséjourMonongahelaLake George - Fort Bull - Fort Oswego - KittanningFort William HenryBloody Creek - Louisbourg - German Flatts - Fort CarillonFort Frontenac - Fort DuquesneFort LigonierTiconderogaLa Belle-Famille - Fort NiagaraBeauportQuebecSainte-FoyRestigouche - Thousand IslandsSignal Hill

Slaget ved Beauport, òg kjend som Slaget ved Montmorency, vart utkjempa 31. juli 1759, var ei viktig trefning mellom britiske og franske styrkar under sjuårskrigen (òg kalla den franske og indianske krigen) i den franske provinsen Canada. Åtaket vart utført av britane mot den franske forsvarslinja ved Beauport, om lag fem kilometer aust for of Quebec. Dei britiske soldatane under general James Wolfe trekte seg attende med eit tap på 443 mann.

Franskmennene feira sigeren, men general Montcalm var meir lunken og skreiv til Bourlamaque at han meinte åtaket berre var ein forsmak på det som måtte kome, og at dei ikkje hadde noko anna val enn å vente.[3] Åtaket kom til slutt, den 13. september då britane gjekk i land vest for Quebec og slo franskmenneneAbrahamslettene i slaget som kravde livet til både Montcalm og Wolfe.


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. McLynn, Frank (2004). 1759: The Year Britain became Master of the World, s. 221
  2. Stacey, s. 79-80
  3. Stacey, s. 80