Magnus Andersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Magnus Kristoffer Andersen (20. mars 191611. desember 1994), fødd i Andøy kommune, var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet.

Magnus Andersen var statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i to periodar:

Magnus Andersen arbeidde som fiskar fram til 1955, då han blei formann i Norges Fiskarlag. Han var formann i Fiskarlaget fram til 1963.

Etter perioden som fiskeriminister 1963-1965 vart han vald inn på Stortinget for Nordland, og sat der i periodane 1965-1969 og 1969-1973. I den første perioden var han medlem i Den utvida utanriks- og konstitusjonskomitéen og nestformann i Sjøfarts- og fiskerikomiteen. I den andre perioden var han nestformann i Fullmaktskomiteen i tillegg til å sitje i dei same komiteane som i den første perioden.

Andersen sat også i ei lang rekkje utval, styre og nemnder gjennom ei lang politisk karriere. Han var blant anna styreformann for Postverket i perioden 1974 til 1982.

Kjelder [endre]