Thor Listau

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Thor Listau
Fødd3. juni 1938
Svolvær
Død22. mars 2014 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre
Yrkepolitikar, offiser, handelsskulekandidat
Alle verv

Thor Listau (3. juni 193822. mars 2014) var ein norsk Høgre-politikar frå Svolvær. Tida 1981-85 var han fiskeriminister i Regjeringa Willoch.

Listau var fødd i Svolvær i Nordland, der faren dreiv med produksjon av fiskemat. Sjølv gjekk han Hærens yrkesskule for sambandsteknisk befal 1954–58. Frå 1958 var han tilsett i Forsvaret, sidan 1961 busett i Kirkenes.

Listau hadde tillitsverv i Høgre frå 1965, og var medlem av Sør-Varanger kommunestyre 1968–73. I tre valperiodar frå 1973 til 1985 var han stortingsrepresentant for Høgre i Finnmark. På Stortinget kom han inn i Sjøfarts- og fiskerkomiteen, og var medlem av denne til han i oktober 1981 vart fiskeriminister i den nye regjeringa leia av Kåre Willoch. Han gjekk av som fikeriminister hausten 1985.

Sidan var Listau kontorsjef i Statens kornforretning og leiar for Råvarepriskontoret for landbruksvarer 1986–91, direktør i Statkorn 1991–95 og styreformann i same 1995–96. Til sist var han organisasjonsdirektør i Statkorn Holding AS/Cermaq ASA 1995–2005.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]