Lars Peder Brekk
Lars Peder Brekk (fødd 8. oktober 1955) er fyrste nestleiar i Senterpartiet og tidlegare landbruks- og matministeren i regjeringa Stoltenberg II. Brekk er tidlegare fiskeriminister i Sentrumsregjeringa. Han kjem opphavleg frå Vikna kommune i Nord-Trøndelag fylke, der han var ordførar frå 1992 til 1997 og varaordførar fram til 1999.
Han er utdanna cand.oecon. frå Universitetet i Oslo, 1982. Brekk er fiskar, men har også drive med jakt. Han eig eit fiskevêr og starta yrkeskarrieren sin i Norges Fiskarlag. Han har også hatt ei rekkje styreverv i fiskeriverksemder og vore dagleg leiar i Innovasjon Rørvik A/S. Han var personleg sekretær i Fiskeridepartementet i 1985. Etter å ha vore vararepresentant i periodane frå 1989 til 1997]] og 2001 til 2005, vart han innvald på Stortinget frå Nord-Trøndelag i 2005.
Brekk har også tidlegare vore nestleiar i Senterpartiet, då i perioden 1993–1997. I dag driv han ei eiga verksemd innan næringsutvikling i heimkommunen Vikna. Han har vore leiar av Stortingets næringskomité. Frå hausten 2007 til juni 2008 var han parlamentarisk leiar for Senterpartiet. Og frå 19. juni 2008 til 12. september 2008 var Lars Peder Brekk fungerande partileiar for Senterpartiet etter Åslaug Haga sin avgang. 20. juni 2008 vart han utnemnd til ny landbruks- og matminister i Stoltenberg-regjeringa. Han gjekk ut av regjeringa 18. juni 2012.
Kjelde [endre]
- Biografi på Stortinget.no
- Artikkelen «Lars Peder Brekk» på Wikipedia på bokmål og riksmål.
| Norske fiskeri- og kystministrar | |
|---|---|
| Reidar Carlsen (1946–51) · Peder Holt (1951–55) · Nils Lysø (1955–63) · Onar Onarheim (1963) · Magnus Andersen (1963–65) · Oddmund Myklebust (1965–68) · Einar Hole Moxnes (1968–71) · Knut Hoem (1971–72) · Magnus Andersen (1972) · Trygve Olsen (1972–73) · Eivind Bolle (1973–81) · Thor Listau (1981–85) · Eivind Reiten (1985–86) · Bjarne Mørk-Eidem (1986–89) · Svein Munkejord (1989–90) · Oddrunn Pettersen (1990–92) · Jan Henry T. Olsen (1992–96) · Karl Eirik Schjøtt-Pedersen (1996–97) · Peter Angelsen (1997–2000) · Lars Peder Brekk (2000) · Otto Gregussen (2000–01) · Svein Ludvigsen (2001–05) · Helga Pedersen (2005–2009) · Lisbeth Berg-Hansen (2009–) |
| Norske landbruksministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Einar Frogner (1945) · Kristian Fjeld (1945-51) · Olav Oksvik (1947-48) · Rasmus Nordbø (1951-55) · Olav Meisdalshagen (1955-56) · Harald Løbak (1956-60) · Einar Wøhni (1960-63) · Hans Borgen (1963) · Leif Granli (1963-65) · Bjarne Lyngstad (1965-70) · Hallvard Eika (1970-71) · Thorstein Treholt (1971-72) · Einar Moxnes (1972-73) · Thorstein Treholt (1973-76) · Oskar Øksnes (1976-81) · Johan C. Løken (1981-83) · Finn T. Isaksen (1983-85) · Svein Sundsbø (1985-86) · Gunhild Øyangen (1986-89) · Anne Vik (1989-90) · Gunhild Øyangen (1990-96) · Dag Terje Andersen (1996-97) · Kåre Gjønnes (1997-2000) · Bjarne Håkon Hanssen (2000-01) · Lars Sponheim (2001-05) · Terje Riis-Johansen (2005-08) · Lars Peder Brekk (2008-12) · Trygve Slagsvold Vedum (2012-) |