Onar Onarheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Onar Selmer Onarheim (15. oktober 19102. april 1988) var ein norsk politikar for Høgre. Han var fødd i Kvinnherad.

Onarheim var vararepresentant til Stortinget for Hordaland, for stortingsperiodane 1961-65 og 1965-69. Frå august til september 1963 var han statsråd i Fiskeridepartementet (fiskeriminister) i den kortliva Regjeringa Lyng.

Onarheim var medlem av Stord kommunestyre frå 1947 til 1964 og frå 1979 til 1983, og var ordførar frå 1954 og varaordførar i 1982–1983.

Onar Onarheim hadde to adoptivbarn, Onar Onarheim Jr. og Torunn Onarheim Staurset.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]



Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.