Maorimåse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Maorimåse
Maorimåse Foto: Dick Daniels
Maorimåse
Foto: Dick Daniels
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Underorden: Lari
Familie: Måsefamilien Laridae
Underfamilie: Måsar Larinae
Slekt: Chroicocephalus
Art: Maorimåse C. bulleri
Vitskapleg namn
Chroicocephalus bulleri

Maorimåse (Chroicocephalus bulleri) er ein liten måse, endemisk for New Zealand og kan treffast i innlandet på Sørøya på kysten av begge hovudøyane.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Maorimåsen er ein liten, ternestor, lys måse, ca. 37 centimeter, hannar med gjennomsnittleg kroppsvekt på 300 gram, hofuglar 50 gram mindre vekt. Rygg og venger er lys sølvgrå, berre ytst på vengetuppane har dei ei smal, mørk stripe. Nebbet er langt og svart, beina er svarte, kan ha innslag av raudt.[1]

Om vinteren kan ein finne maorimåsane langs store delar av kysten, inkludert hamnar og parkområde i kystbyar. Somme lever ved innsjøar på Nordøya, nokre fuglar kan trekke mot estuar om vinteren. Hekkeområdet er elvebreidder og innsjøar på Sørøya, mellom Marlborough og Southland. På Nordøya hekkar dei meir fåtalige ved Lake Rotorua og i kystområde som til dømes ved Manukau Harbour og Bay of Plenty.[1]

Dietten er variert og består av marine virvellause dyr, insekt, skaldyr og fisk om vinteren. Når dei beitar i innlandet om sommaren tar dei fiskeyngel, små flyndrer, meitemakk, larver og andre virvellause dyr som dei finn i vassoverflata.[1]

Maorimåsar er kolonihekkarar og kan danne tette, store koloniar på opp til 1000 par. Koloniane i innlandet kan ligge på grusbankar, ved kysten kan dei hekke ved sanddyner eller steinete område. Reira er små tuer bygd av gras eller tang med ei senking i midten, dei kan ligge i avstand på ca. 50 centimeter til naboreira. Kullet er på 1-4, vanlegvis 2 egg. Klekkinga skjer etter 20-24 dagar og ungane kan gå bort frå reirplassen etter ein dag. Etter 2 veker sym dei, og om lag 26 dagar gamle er dei flygedyktige. Dei kan bli hekkefuglar etter tidlegast 2 år, og kan ha levealder på over 18 år.[1]

Arten har status som sterkt trua, og bestanden er estimert til ca. 96 000 kjønnsmodne individ (1998), og er minkande.[2] Populasjonen på Nordøya aukar og dei utvidar utbreiingsområdet der.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Heather og Robertson 2005
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Maorimåse