Maoriviftestjert

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maoriviftestjert

Status i verda: LC Livskraftig

MaoriviftestjertLitografi av John Gerrard Keuleman, public domain
Maoriviftestjert
Litografi av John Gerrard Keuleman, public domain

Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Passeriformes
Familie: Rhipiduridae
Slekt: Rhipidura
Art: R. fuliginosa
Vitskapleg namn
Rhipidura fuliginosa
Sparrman, 1787

Maoriviftestjert (Rhipidura fuliginosa) er ein liten insektetande sporvefugl i viftestjertfamilien, Rhipiduridae. Han er einaste viftestjerten på New Zealand og utbreidd over begge hovudøyane, på Stewart Island/Rakiura og på Chatham-øyane. Mange har rekna arten som same arten som gråviftestjert i Australia og på New Caledonia,[1] men på grunn av skilnadane i lætet har somme autoritetar no handsama maoriviftestjert som ein eigen art, stadeigen for New Zealand.[2][3] Maori-namnet er Pīwakawaka eller Tīwakawaka.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Maoriviftestjert fotografert i Wellington, august 2009
Foto: Tony Wills

Denne viftestjerten er middels til mørk grå eller gråbrun på oversida, gulaktig til oranje på undersida, hovudet er grått med kvit augebrynstripe, halsen har kvitt og svart band, og, avhengig av underart, har dei ytre halefjørene anten kvite kantar eller dei er heilt kvite. Han veks til 16 centimeter i lengd, der halvparten er halen, og som namnet seier, er halen ofte spreidd ut i vifteform. Ein ser då at dei to midtre halefjørene er mørke og dei ytre halefjørene er lyse eller har kvite område. Det finst òg ein mørk morf, der heile fuglen er sotsvart unntatt ein kvit flekk bak auget. Den svarte forma gjer ut for opptil 25 % av fuglane på Sørøya, og mindre enn 1 % på Nordøya, og er heilt fråverande på Chatham-øyane.[4]

Under vakne timar er fuglen nesten aldri stille. Han flyttar seg fort frå stad til stad, sjeldan på bakken, men oftast mellom kvistar på tre eller anna passande objekt medan dei jaktar på flygande insekt. Fuglane er ikkje sky, og vil ofte flyge berre få meter frå menneske, særleg i skogsområde og i hagar. Ved å gjere det, er dei i stand til å fange små flygande insekt som blir skremt opp av menneskelege aktivitetar. Utanom insekt kan dei ved høve beite på frukt.[5]

Lætet er ein nesten metallisk 'tjit', anten som ein einskild lyd eller eit hardt, rytmisk, sageliknande 'tvit-e-tvit-e-tvit-..'.[5]

Maoriviftestjerten er ein sesongmessige hekkefugl, han hekkar frå august til mars på Nordøya, september til januar på Sørøya og frå oktober til januar på Chatham-øyane. Vanlegvis har dei to eller fleire kull per sesong. Fuglane byggjer kompakte, skålforma reir, vanlegvis i forgreiningar av tre, laga av mose, bork og plantefiber, og ofte dekt med spindelvev. Begge kjønna byggjer reiret. Storleiken på kullet er vanlegvis tre til fire. Rugetida er rundt to veker, og begge kjønna deltar i ruging og i å sute for ungane til dei er flygedyktige. Unge hannar kan byrje første hekkinga si to månader etter at dei vart flygedyktige, mest vanleg hekkar dei første gongen i neste sesong. Maoriviftestjertar har kort levetid, den mest lengstlevande kjente fuglen vart tre år.[5] Reira blir ofte parasitterte av dei to gaukeartane som lever på New Zealand.[4]

Maoriviftestjerten kan ofte sjåast i utkant av skogsområde og i sekundærskog, og er ein av dei mest vanlege av dei stadeigne fugleartane som finst på hovudøyane på New Zealand.[5]

Underartar[endre | endre wikiteksten]

Underartane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[6]

Maoriviftestjert, Rhipidura fuliginosa

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Bird Life International, Grey Fantail, oppslag på Rhipidura fuliginosa hos Birdlife International Database forklarer kvifor dei ikkje ser på viftestertar i Australia og på New Zealand som ulike artar.
  2. Både IOC-lista (http://www.worldbirdnames.org/n-vireos.html) og Clementslista (http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view) godtar Rhipidura fuliginosa som ein sjølvstendig art.
  3. Christidis, Les; Boles, Walter (2008). Systematics and taxonomy of Australian Birds. Collingwood, Vic: CSIRO Publishing. ss. 195–196. ISBN 978-0-643-06511-6. 
  4. 4,0 4,1 Boles, W.E. (2006). «Family Rhipiduridae (Fantails)». I Del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D.. Old World Flycatchers to Old World Warblers. Handbook of the Birds of the World. Band 11. Barcelona: Lynx edicions. ss. 200-244. ISBN 849655306X. 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  6. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 29. september 2012 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maoriviftestjert