Matz Sandman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Matz Sandman (fødd 19. januar 1948) i Ballangen er ein norsk offentleg tenestemann og tidlegare politikar frå Arbeidarpartiet, utdanna siviløkonom frå NHH.

Han var statsråd og barne- og familieminister i Gro Harlem Brundtland si tredje regjering i vel eitt års tid, frå 3. november 1990 til 14. november 1991. Han vart dermed den første statsråden i Barne- og familiedepartementet, oppretta 1. januar 1991 for ein stor del på grunnlag av Familie- og forbrukardepartementet, som då vart lagt ned. Frå 3. november 1990 til 31. desember 1990 var Matz Sandman såleis statsråd i Familie- og forbrukardepartementet.

Sandman var fylkesrådmann i Buskerud fylkeskommune frå 1996 og fram til han vart pensjonist i januar 2010. Han har tidlegare vore rådmann i kommunane Andøy, Tromsø og Bærum. I ein periode rett etter at han var ferdig med utdanninga var han økonomisjef i Club 7 i Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

.

Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.